Bli med i organisasjonsnettverket!

Er du tillitsvald i eit lokalt lag eller organisasjon? Eller engasjert i frivillig arbeid på anna vis? Då håpar me du vil bli med i organisasjonsnettverket, der me tilbyr kurs og erfaringsutveksling for tillitsvalde i frivilligheita.



I samarbeid med SØK-stiftinga inviterer Medvind Næringshage til ei kursrekke for tilltsvalde i lokale lag og organisasjonar. Målsetninga med prosjektet er å styrka kompetansen innan lag- og  organisasjonsarbeid, erfaringsutveksling og nettverksbygging for alle som er involverte i frivillig arbeid. 

Tillitsverv i frivillige organisasjonar kan vera omfattande og krevjande. Samstundes er det givande verv som betyr mykje for mange i lokalsamfunna. Difor er det viktig at alle som er engasjerte i frivillige lag og organisasjonar har tilgang til den naudsynte kunnskapen og verktøya dei treng for å bli tryggare i rolla si, utføra jobben på best mogleg vis, og bidra til å vidareutvikla organisasjonen.   

Difor vil me leggja til rette for å styrka relevant kompetanse i styre og leiing hjå lokale frivillige lag og organisasjonar i distriktet. Dette gjennom samlingar med fagleg innhald, erfaringsutveksling og inspirasjonsføredrag.

Samlingane vil vera retta mot styre/leiing i frivillige lag og organisasjonar, men open for alle me eit hjarte for frivilligheita. Me vil nytta eksterne kurshaldarar, i tillegg til å nytta kompetanse og erfaringar frå andre lokale aktørar. 

Medvind Næringshage koordinerer prosjektet med støtte frå SØK-stiftinga. Me ønskjer eit tett samarbeid med målgruppa, og vil gjerne ha innspel til ønska tema for samlingane for alle som deltar. 

Følg med på samlingane i Organisasjonsnettverket på Medvind24 Næringshage sine sider!

Har du tema du ønskjer me skal setja fokus på samlingane? Meld dei inn her!

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden