Nå skal dei byggja gang- og sykkelveg

2019 blir eit hektisk år for Bjarne Nordtveit: Først og fremst skal entreprenøren få på plass ny gang- og sykkelveg i Skjold. I tillegg skal han byggja nytt lagerbygg til eiga bedrift på Knapphus. Om han får tid då, vel og merka. 


Skjold neste:  Bjarne Nordtveit (f.v), Kristian Fosse og Robert Nordtveit og samtlege kollegaer i Bjarne Nordtveit reknar med å vera i full sving med gang- og sykkelvegen mellom Håkull og Trovåg i løpet av desember. 

- Planen var vel eigentleg å flytta inn i nytt bygg denne vinteren, men det skal halda hardt. Nå satsar me på å ha det på plass i løpet av sommaren, seier Bjarne Nordtveit. 

Entreprenør Bjarne Nordtveit AS blei tildelt jobben med bygginga av ny gang- og sykkelveg mellom Håkull og Trovåg, og i byrjinga av desember tar entreprenørbedrifta fatt på den 3,3 kilometer lange strekninga. 

- Me har ofte kome på andre plass i denne typen prosjekt, så dette var veldig kjekt. Det er nok å rekna på for tida, men mange om beinet. Me hadde også jobben med det nye Sandeidskrysset i Ølen i 2014, og vegprosjekt som dette er noko med det mest interessante me jobbar med. Så me tar gjerne fleire av dei, seier Nordtveit. 

Nytt bygg og fleire folk 

Nordtveit har også eigne byggeplanar for neste år. I 40 år han drifta hatt base i Nedre Vats. Nå skal det byggjast nytt på Knapphus. 

- Me har sikra oss tomt på Knapphus Næringsområde, både for å modernisera lokala våre, men også for å effektivisera drifta. I tillegg er det er ei sentral plassering, tett på mange andre aktørar i same bransje, seier Nordtveit. 

Samstundes som det står både nybygg og gang- og sykkelveg på agendaen for 2019, er Nordtveit også på jakt etter fleire tilsette. Mellom anna trengst det ny anleggsmaskinførar. Alle dei åtte medarbeidarane vil vera i full sving med gang- og sykkelvegen i Skjold neste år, i tillegg vil det også bli bruk for innleigde ressursar. 

- Det er stor rift om dei gode folka, og me er opptekne av at fagfolka våre skal levera kvalitet over heile linja. Me er ikkje alltid dei billigaste, men me skal alltid levera eit skikkeleg arbeid, og eg trur me vinn på det til sjuande og sist, sjølv om ikkje me får alle jobbar me byr på, seier Nordtveit, som eigentleg meiner han er bortskjemd med god arbeidskraft. 

- Minstebror min, Dag Inge Nordtveit, har vore med sidan 1991. I tillegg har eg fordelen av å vera gift med ein autorisert rekneskapsførar. Ho tar seg av alt papirarbeid frå rekneskap, lønn og fakturering til årsoppgjer og likningsskjema. I tillegg fungerer ho som økonomisjef, og er vel den som har siste ordet når det gjeld investeringar. 

Sjefen er innom for å sjå til "gutane" som legg siste hand på ny parkeringsplass ved Lundeneset. I dag tel entreprenørbedrifta åtte tilsette. Ny anleggsmaskinførar blir snart tilsett, og med bygginga av gangvegen i Skjold blir det også naudsynt med innleige. Fra venstre: Bjarne Nordtveit, Robert NOrdtveit, Kristiand Fosse og Andreas Nordtveit. 

Trivst best i grøfta 

- Eg kan ikkje få skryta nok av «gutane mine». Dei ordnar opp i det meste, og gjer eit kjempearbeid. Eg er som oftast berre rett innom anleggsplassane for å sjå etter korleis det går med dei, seier Nordtveit. 

Det er likevel ikkje slik at sjefen sjølv berre sit på kontor, han trivst framleis best på jobb ute i felten. Eller «i grøfta» som han sjølv kallar det. 

- Eg får ikkje lov til å vera med dei unge på jobben. Dei pleier vanlegvis berre forsikra meg om at alt er under kontroll, og sender meg vidare, ler han med eit nikk til gravemaskinførar Robert Nordtveit, som kan stadfesta den praksisen: 

- Me pleier å setja sjefen på jobbar med skogsvegar og den slags. 

Og Bjarne er i grunnen nøgd med den ordninga. 

- Eg er jo ikkje så god med GPS’ar og slikt, så skogsvegar passar godt for meg, flirer han. 

Lokale oppdrag 

Sidan 1979 har det stort sett gått i grunnarbeid for entreprenøren frå Vats; Graving, sprenging, muring. Først for private, deretter før større næringslivskundar og offentlege aktørar. 

- Det starta med ein traktorgravar i 1979, då var det gravearbeid på timebasis for lokale bønder. På slutten av 80-talet fekk eg beltegravar med pusseskuff og pigg. Det var rimeleg eksklusive greier den gong. Neste investering var hydraulisk hurtigfeste på tidleg 90-talet. 

Etter det har både maskinpark, medarbeidarar og ikkje minst kundane auka på. På 90-talet blei det fleire jobbar for større næringsaktørar i Haugesund og Karmøy. I ein lengre periode var stort sett alle jobbar «utanføre». Det er blitt mykje graving for nye barnehagar, skule- og næringsbygg i og rundt Haugesund: Haugaland VGS, og Holgersen Toppidrettsgymnas, Coop Avaldsnes og Varden bil. 

- Varden-bygget var intense greier. Forskalinga tok til medan me haldt på å skyta. Det var såpass heftig at eg mista håret mitt på den jobben. Men det har vakse ut att, ler Nortveit. 

Etter ein periode med oppdrag for kundar utover i distriktet, har Nordtveit snudd fokus innover, og igjen er det hovudsakleg lokale oppdrag i Etne og Vindafjord som fyller ordrebøkene. 

Med opparbeidinga av Fitjefeltet i Etne blei også omfanget av jobbane større. 

- Det var eitt av dei største prosjekta me har hatt dei siste åra. Eg har eigentleg hatt ei maxgrense på 10 millionar kroner på tilboda mine, men den gong måtte eg bryta den. Og etter det har me ikkje vore redde for noko. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips