Bygde kraftverk med europeiske kraftinvestorar

Vindafjord sitt nyaste vasskraftverk er bygd av lokale krefter og finansiert av nederlandske kraftinvestorar. Sandvik Kraftverk er det første i Noreg som blei realisert som følge av den europeiske investeringsordninga for fornybar energi – GO2.

- Det har vore eit langt lerret å bleika, og eit unikt prosjekt å jobbar med. Men eg har hatt flinke folk med meg, som har gjort det mogleg, seier Egil Kambo i Kambo Kraft. 


- I Noreg er me bortskjemde med vasskraft, medan ein i Europa er mykje meir opptekne av å finna nye, gode og ressurssparande løysingar for å utnytta meir fornybar energi. Finansieringsordninga som bidrog til at me kunne byggja, er eit resultat av ei europeisk satsing på akkurat dette, og det er utruleg kjekt at me fekk dra nytte av dette på Sandvik. 

Det seier Egil Kambo i Kambo Energi, som har stått for bygginga av Sandvik kraftverk for grunneigar Trygve Sandvik. 

Det er meir enn 70 år sidan det sist var straum på Sandvik. Nå er staden sjølvforsynt frå nytt kraftverk, bygd av lokale entreprenørar med kapital frå nederlandske investorar gjennom GO2 - ei europeisk finansieringsordning for fornybar energi. Sandvik Kraftverk er det første i Noreg som er bygd med finansiering gjennom denne ordninga. 

Nederlandsk teknologiselskap investerte

Trygve Sandvik starta planlegginga av kraftverket tidleg på 2000-talet. Det blei gitt konsesjon i 2013, og byggjearbeidet har pågått sidan tidleg 2017.  26. juni var det offisiell opning. 

I den bortgøymde vika i fjorden rett overfor Vikedal, har byggjearbeidet pågått sidan tidleg 2017.  26. juni var det opning av kraftverket som vil ha ein årleg produksjon på i overkant av 3,5 GWh. 

Allereie tidleg på 2000-tallet starta grunneigar Trygve Sandvik planlegginga av kraftverket i Sandvikelva, som er avlaupet for Stokkedalsvatnet. Kambo har tidlegare bygd ei rekkje småkraftverk; Kambe og Bjørgjo i Etne, i Ølselva, på Vaka, og to i Årdal. Han gav teknisk bistand til Trygve Sandvik i samband med søknadsprosessen, og dei to har hatt jamn kontakt om prosjektet sidan 2008. 

Konsesjonen blei innvilga i 2013. Då starta også jakta på investorar, og løysninga blei kraftinvestering frå nederlandske AMSL, som er verdas største leverandør av utstyr som blir brukt til å produsera microchips. Gjennom finansieringsordninga GO2 bidrog AMSL med 1,5 millionar kroner til prosjektet i Sandvik. 

- Kort fortalt er GO2 ei finansieringsordning som skal bidra til utvikling av meir fornybar energi i Europa. Ordninga kombinerer såkalla opprinnelsesgarantiar (GO) med finansiering av nye energiprosjekt innan blant anna vass- og vindkraft, seier Kambo.

- Europeisk kraftsatsing blei avgjerandde

 Opprinnelsesgaranti er ei merkeordning for elektrisitet som viser til at krafta er produsert frå ei spesifisert energikjelde. På den måten kan forbrukarar få velgja mellom fornybar eller ikkje-fornybar energi. Opprinnelsesgarantiar er dermed eit verktøy som kan bidra til å auka bruken av fornybar kraft, redusera drivhusgassar og styrka satsinga på berekraftig energi. 

- Det europeiske kraftselskapet ECOHZ har over fleire år jobba med nye tiltak for utbygging av meir fornybar energi. Eit av tiltaka er GO2-ordninga, der selskap gjennom kjøp av opprinnelsesgarantiar får moglegheit til å bidra med låg-risiko toppfinansiering til utbygging av fornybare energiprosjekt, forklarer Kambo. 

Han følgjer godt med på nyvinningane innan fornybar kraftproduksjon på kontinentet, og såg at det var fleire moglege løysingar hjå investorar i Europa. 

Etter at finansieringa kom i hamn takka vera europeiske investeringsordningar for fornybar energi, starta arbeidet med å finna dei tekniske løysingane som skulle til.  - Det var utfordrande, men saman med fleire aktørar fann me gode løysingar som verken gjekk ut over tid, kostnadar eller kvalitet, seier Kambo. 

- Når ei bedrift tar del i GO2, bidrar bedrifta med direkte midlar til ECOHZ Renewable Energy Foundation. Dette er ei stifting som låner pengar til nye fornybare energiprosjekt som er klare til å bli bygd, men som manglar den avgjerande kapitalen for byggjestart. Summen bedriftene bidrar med, er rekna ut av bedrifta sitt energiforbruk innan ein viss tidsperiode. Gjennom å bli med på GO2, sikra dermed AMSL at me fekk støtta me trengde for å setja i gang i Sandvik. For oss var denne kapitalen avgjerande, seier Kambo. 

I tillegg til noko eigenkapital kom prosjektet i havn med finansieringa. Deretter starta arbeidet med dei tekniske løysningane. 

- Ved inntaket brukte me prefabrikkerte løysingar som me støypte ned i grøfta. Dette bidrog til å få ned byggetida, utan at det gjekk utover tid, kostand eller kvalitet. Konstruksjonen og idèen til dette utvikla me saman med Brødrene Dahl vasskraft. Saman med turbinkonstruktør Bjarne Nereng fann me også ei løysing som forenkla innløpsdelen til kraftstasjon, seier Kambo. 

Gode løysingar med samarbeidspartnarar

Fallhøgda er berre på 131 meter, medan røyrtrasèen er omlag 1000 meter. 

- Me såg på ulike løysingar for korleis me skulle byggja røyrgata, då tilfeldigvis andre grunneigarar i området tok kontakt. Dette var grunneigarar som overtok Lauvvikeigedomen etter at det vart gitt konsesjon, dei er også utleigarar av fall og grunnrettar, og eig tomta til kraftstasjonen. Dei ønska å ta ut skog, noko om gjorde det enklare for oss å byggja veg. Samstundes som me då fekk bygd veg til kraftverket som gjorde det lettare å frakta røyr og materiale, blei også delar av røyrtraséen lagt i sjølve vegen. Det blei en vinn-vinn-situasjon for alle, seier Kambo. 

Utbygginga av kraftverket har dermed lagt til rette med infrastruktur for fleire grunneigarar i området. 

- I tillegg til vegen, har me også fått inn 3,5 km høgspentleidning frå Stokkadalen, og har klargjort for trekking av fiber. Med seg på jobben hadde Kambo Vidar Øvrevik AS som tok seg av entreprenørarbeidet, medan Haugaland Bygg & Betong har stått for bygg- og betongarbeidet av sjølve kraftstasjonen. 

- Det har vore eit unikt prosjekt på mange måtar og det hadde nok ikkje vore mogleg utan så god hjelp frå entreprenørane som har vore med på jobben, seier Kambo.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips