Går for større oppdrag

Samtidig som Haakull & Ersland markerer 30 årsjubileum i år, riggar dei seg for endå større byggjeoppdrag. – Me satsar for fullt på å kunna levera til større entreprisar, seier dagleg leiar Espen Vestbø. 

Dagleg leiar Espen Vestbø ser fram til nytt oppdrag på Norheim og store ambisjonar for framtida. 

- Me skal framleis vera eit naturleg val som tømrarentreprenør, men vil også posisjonera oss som ei bedrift som kan tilby hovud- og totalentreprisar for større prosjekt, seier dagleg leiar Espen Vestbø. 

I år er det 30 år sidan byggmeistrane Haakull og Ersland slo seg saman. Jobbane balla på seg, og selskapet fekk snart behov for større kontor og meir lagerplass. I 1997 flytta dei inn i dei noverande lokala i Skjold. I dag har Haakull & Ersland 20 tilsette, som tar tømraroppdrag for ei kundar på heile Haugalandet. 

Stadig fleire av oppdraga kjem frå Haugesundsområdet, som blant anna ombygginga av Haugesund bibliotek og utbygginga av Haugesund toppidrettsgymnas. Nyleg sikra tømrarverksemda i Skjold seg nok eit stort prosjekt, denne gongen på Norheim. 

- Me har fått kontrakt på tømmerarbeidet nye Kristen Videregående Haugalandet, og startar opp med jobben i månadsskiftet november/desember, seier Vestbø. 

Innover på Haugalandet har bedrifta dei siste åra stått bak byggeprosjekt som settefiskanlegget i Trovåg og Familiens hus i Ølen, og no sist: Ølen brannstasjon. 

I tillegg til å vera ein tømrarentreprenør både for private, så vel som større næringsbygg, har Haakull & Ersland store vyar for åra som kjem. 

- Medarbeidarane våre har lang fartstid og solid fagkompetanse. Det er også ein styrke at me har tilsette i alle aldrar som har spesialisert seg på alt frå nærings- og kontorbygg, rehabilitering og ombygging. Me har etablert oss som ei allsidig tømrarverksemd gjennom 30 år og satsar for fullt vidare med både hoved- og totalentreprisar i åra som kjem, seier Vestbø. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips