Inviterer til femårsdag med auksjon og garasjesal 

Det er fem år sidan Granberg Garveri opna fabrikkutsalet sitt i Ølensvåg, og det skal feirast med auksjon, garasjeutsal, ope bedriftsmuseum og jubileumstilbod. 


Hilde Haraldsen ved Granberg Garveri står klar til jubileumsfeiring i fabrikkutsalet frå torsdag til og med påskeafta. Foto: Ellen Marie Hagevik/Medvind24.no. 

Granberg Garveri sitt fabrikkutsal i Ølensvåg har selt skinn- og lærprodukt til privatkundar frå heile landet sidan 2013. På torsdag startar femårsfeiringa med jubileumssal, kakefest, garasjesal og auksjon av overskotsmateriale, maskiner og verktøy. 

- Me vil feira jubileet med gode tilbod frå torsdag til påskeafta. Samtidig vil me bruka markeringa til å arrangera garasjeutsal og auksjon. Me kjem til å selja alt frå motorar, grasklipparar til arkivskap, stolar og mykje meir. I tillegg blir det auksjon av truck og jekketralle, fortel dagleg leiar Olav Granberg. 

Det er THK-stiftinga som driv hjelpearbeid i Ukraina som gjennomfører salet og auksjonen og som får alle pengane frå salet. I tillegg vil Granberg sitt eige bedriftsmuseum vera ope både torsdag og fredag. 

Garveriet leverer storparten av varene sine til engroskundar, men har også alltid seld til privatkundar. Det var likevel først i 2013 at garveriet opna eigen butikk for sal til private, med produkta samla i eitt og same lokale avskilt frå fabrikken. 

- Dei varene som ikkje passar inn i sorteringane til engroskundane våre er flotte varer me sel i fabrikkutsalet til privatkundar. Dette har vore ein eit viktig supplement både med tanke på varesal, og ikkje minst som arbeidsplassar, fortel Granberg, som i dag har 41,5 årsverk tilknytt heile garveriet og utsalet. 

Som einaste garveri i Noreg tilbyr Granberg eit utval produkt av eit heilt anna omfang enn andre butikk som sel skinn, påpeikar Granberg. 

Og det har lokka mange. 

- Me har kundar frå heile landet som tek turen innom. Somme kjem nærast eins ærend frå Oslo, og mange «hyttefolk» frå sør-fylket svingar innom på veg til Vågslid før helga, seier Granberg.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips