Første spadetak blir tatt til hausten 

Anbodet på prosjektet skal ut før sommaren, og i 2021 skal miljøgata i Vikedal stå ferdig. 

Etter ein slik modell skal den nye miljøgata i Vikedal byggjast. Illustrasjon: Statens Vegvesen.


- Grunna nye og naudsynte geotekniske undersøkingar og ei ressurskrevjande planlegging har oppstarten av bygginga blitt forsinka. Nå gjenstår mindre delar av prosjekteringa, og prosjektet kjem ut på anbod før sommaren. I løpet av hausten skal sjølve byggjearbeidet ta til, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Asbjørn Opedal.

Byggjetida vil ta om lag to år, og går alt etter planen vil litt over 1 kilometer ny gang- og sykkelveg vera ferdigstilt innan utgangen av 2021. 

Miljøgata i Vindafjord blir universelt utforma og omfattar ei rekkje tiltak som vil sikra både mjuke trafikantar og bilistar i eit pressa område. Prosjektet omfattar oppgradering av fleire vegkryss, bussterminal, og ny lokalveg.


Miljøgata startar ved brua i sentrum, og det skal byggjast fortau på begge sider av  fylkesveg 46 fram til Bjørkelunden (krysset ved Røde Kors-huset). Vidare skal det byggjast gang- og sykkelveg på austsida av fylkesvegen opp til avkøyringa til Granittvegen.

Fleire av kryssa i sentrum skal også «strammast» opp: 

- Me skal heva kryssa ved Holmen (Joker Vikedal), ved avkøyrsla til Movegen og ved Bjørkelunden, både for dempa køyrefarten og sikra at mjuke trafikantar trygt kan kryssa vegen i desse områda, seier Opedal. 

Det skal etablerast moderne og romleg bussterminal på vestsida av vegen, like nedanfor skulen. 

Som ein del av prosjektet skal det også byggjast ny lokalveg som knyt saman skule og idrettsanlegg.

-  Denne lokalvegen skal gå frå skulen, vidare bak gamle Vikedal meieri og ned til fylkesvegen. Her kan mjuke trafikantar kryssa vegen på oppbygd gangfelt over til bussterminalen på vestsida av vegen. Herifrå vil me byggja lokalvegen vidare over bøen fram til idrettshallen slik at ein slepp å gå langs fylkesvegen,  forklarer Opedal.  

Samstundes skal også miljøgata bidra til eit estetisk løft for sentrum, med belysning og vegetasjon langs vegen. 

Prosjektet har ein prislapp på om lag 50 millionar kroner, og skal finansierast av fylkeskommunale midlar. Under bygginga vil det tidvis bli lysregulering og trafikkredigering på strekninga, men vegen skal alltid vera open for trafikk under byggeperioden.

- Me ønskjer å halda tett kontakt og legg opp til god dialog med vegnaboar og andre som kjem i kontakt med anleggsarbeidet. Statens vegvesen har kontor i Medvindbygget i Ølensvåg. Du er velkommen til å koma innom til oss ved behov, seier Opedal. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips