Nå startar arbeidet i Ølensvåg

Frå midten av oktober til midten av mai skal Risa byggja ny gang- og sykkelveg langs E134 i Ølensvåg. Sjølve europavegen på denne strekninga vil då også bli betra. 

E134 gjennom Ølensvåg sentrum blir stengt av i midten av oktober. Medan arbeidet pågår vil trafikken på E134 nytta omkøyringsveg på nedsida av eksisterande veg.  (Dronefoto: Jørgen Habbestad/Illustrasjon: Omega Design)

Byggjeplassen vil strekkja seg frå Omega-bygget i aust til krysset ved Kiwi/Circle K i vest. 

-  Det er eit omfattande byggjearbeid, og trafikken skal bli ivaretatt med mellombelse vegløysingar under arbeidet. Eksisterande E134 vil bli stengt på strekninga, og erstatta av omkøyringsveg. Samstundes blir det lagt til rette for god tilkomst for både bilar og mjuke trafikantar til Vågshagen, seier prosjektleiar i Risa, Alf Sætre. 

Framdrift 

Allereie i september starta Risa opp med førebuande teknisk arbeid under bakken, og i midten av oktober byrjar arbeidet på vegstrekninga gjennom Ølensvåg. 

Det skal byggjast ny sykkel- og gangveg med undergang, samstundes som eksisterande E134 skal fornyast. Europavegen skal hevast betydeleg, og det skal byggjast nytt og meir oversikteleg kryss til bustadfeltet i Vågshagen. Deretter startar arbeidet med gang- og sykkelveg langs strekninga. 



Sætre forklarer at gang- og sykkelvegen vil bli bygd med tilhøyrande undergangar, der mjuke trafikantar kan ferdast både aust-vest, og kryssa E134, utan å gå over vegen.  

- Gang- og sykkelvegen langs E134 vil gå under vegen opp til Vågshagen, og vil også ha ein «arm» under E134 over til parkeringsplassen ved Omega-bygget, fortel han. 

Langs den nye strekninga gjennom Ølensvåg vil det også bli bygd nye busshaldeplassar for reisande i begge retningar. 

I midten av mai skal storparten av dette arbeidet vera ferdig, det vil då kun gjenstå noko jobb langs sidene av vegen. 

Trafikkflyt

 I samband med byggjearbeidet vil eksisterande europaveg bli stengt frå krysset til ved Circle K i vest og forbi krysset opp til Vågshagen i aust. Krysset ved Circle K vil i byggjeperioden fungera som ei rundkøyring. 

-  Trafikken på E134 vil gå på mellombels veg, lagt på nedsida av eksisterande europaveg. Denne vegen vil gå langs parkeringsplassen ved Kiwi, og forbi Omega-bygget før han svingar opp att på eksisterande veg. Omkøyringsvegen for E134 skal vera open med køyrefelt i begge retningar til ei kvar tid, seier Sætre.

Farten på omkøyringsvegen vil vera sett ned til 30 km/t, men trafikken skal etter planen flyta utan stans. Det vil også bli lagt til rette for mjuke trafikkantar langs den fungerande vegen. 

Kontaktinformasjon

Statens Vegvesen

Risa

Ved stenging av E134 gjennom Ølensvåg, vil ein ikkje kunna nytta avkøyrsla til Vågshagen som før. Trafikantar til Vågshagen skal då nytta omkøyringsveg opp til feltet frå rundkøyringa ved Circle K. 

- Denne vegen er utvida for dette føremålet, og har tatt høgde for at både bilar og mjuke trafikantar kan ferdast her, fortel Sætre. 

- Ta kontakt

Prosjektleiar i Statens Vegvesen, Asbjørn Opedal seier at vegvesnet øønskjer å halda tett kontakt med vegnaboar og andre som kjem i kontakt med anleggsarbeidet.

- Me har prosjektkontor i Medvindbygget i Ølensvåg under anleggsperioden. Du er velkommen til å koma innom til oss ved behov, seier Opedal


Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips