Ny omkøyringsveg i Ølen 

Arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen startar i Ølen innan utgangen av november. Det blir ein omfattande byggeprosess, og allereie nå er det ny omkøyringsveg klar for bebuarar og mjuke trafikantar som bur og ferdast tett på anleggsområdet.


Bebuarar i Nerheimsfeltet kan nytta seg av den nye vegen frå E134 ved Blikragarden opp i feltet. Mjuke trafikantar kan nytta seg av same veg, og mellombels gang- og sykkelsti gjennom feltet for å passera anleggsområdet. Foto: Architech

Arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen ved Ølen sentrum startar opp om eit par vekers tid og vil pågå til våren 2019. Som følgje av dette vil noverande avkøyring til Nerheimsfeltet frå E134 bli stengt av. Allereie er ny veg til feltet på plass. 

- For dei som skal opp i Nerheimsfeltet, er det no mogleg å nytta mellombels tilkomstveg frå E134 ved Blikragarden. Vegen er laga til slik at me tar høgde både for biltrafikk og mjuke trafikkantar, fortel prosjektleiar i Statens Vegvesen, Asbjørn Opedal. 

Samstundes som bilistar kan ta i bruk vegen under byggjearbeidet, er den nye vegen også tilrettelagd for at mjuke trafikantar trygt kan passera anleggsområdet i byggjeperioden. 

Dersom du er syklist eller gåande, kan du følgja bilvegen gjennom feltet. Der bilvegen i feltet endar, fortset gang- og sykkelstien, fram til vegen forbi Ølen kyrkje, der du kjem innpå den ordinære gangvegen langs E134. 

- Me har samarbeidd med mange positive grunneigarar, og har fått laga til gang- og sykkelsti på tomta hjå Erik og Torhild Hundhammar. Denne stien vil vera tilgjengeleg for alle mjuke trafikkantar gjennom byggjeperioden, slik at det trygt kan ferdast forbi anleggsområdet, seier Opedal.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips