Fem i farten

Sommarvikarar må til mange stader for at dei som jobbar fast skal få ferie. Her er eit knippe sommarvikarar i Vindafjord.

11. juli 2017
Thomas Leite (19)

Frå Sandeid, sommarvikar hos Berge Sag

Thomas har hatt sommarjobb hos Berge Sag sidan han var 16, og han er ein av tre vikarar på lageret. - Vi hjelper kundar og gjer klar bestillingar. Det er mest større bestillingar som går ut herfrå til snikkarar og byggeprosjekt, seier Thomas, som også jobbar på lageret i andre feriar. Han har gått tre år på Haugesund Toppidrettsgymnas, og vil studera og jobba frå hausten.
Einar Halleland (21)

Frå Haugesund, sommarvikar hos Granberg Garveri

Einar er ein av 21 sommarvikarar. Han starta i jobben 2. mai og skal jobba til 11. august. - Å få sommarjobb i Haugesund er ikkje lett, så eg er glad for å jobba her og bu hos farmor. I dag spenner eg opp selskinn til tørking. Elles legg eg skinn i maskiner, sliper, handkardar og er i våtavdelinga og skjærer vekk fett, seier Einar, som byrjar på vidare utdanning i Oslo som personleg trenar i august.
Solfrid Marie Jansen (18)

Frå Sandeid, sommarvikar hos Sandeid Bensinstasjon

Solfrid Marie har alt fire års fartstid på bensinstasjonen, og jobbar også kveldar og helger ellers i året. No er det full jobb heile sommaren. - Det er ein kjekk og variert jobb med mange trivelige kundar. Vi lagar det meste av maten, sel oljer og anna til bilen, ryddar og fyller på i hyllene, seier Solfrid Marie, som skal ta seg eit friår etter vidaregåande.
Elise Gangstø (23)

Frå Bjoa, sommarvikar hos Coop Extra i Ølen

Er ein av fem sommarvikarar i butikken. Ho trivst så godt at ho ikkje har tenkt å ta ferie. - Eg jobbar tre til fem dagar i veka og skal jobba til uti august. Det er nok å gjera på, og dagane går fort. Eg sit mellom anna i kassa, hjelper kunder, fyller på i hyllene og ryddar i butikken, seier Elise. Til hausten held ho fram med lærarstudiar på Stord.
Andreas Berge (18)

Frå Ølensvåg, sommarvikar hos Ølen Betong

Når Medvind24 stikk innom, har Andreas det travelt med mykje forskjellig i resepsjonen. De første dagane av fellesferien er det her det er mest trong for hjelp. - Når eg er ferdig her, skal eg kjøra truck i to og ei halv veke, seier Andreas. Han var ferdig med VG2 service og samferdsel til sommaren og skal ta påbygg på Lundaneset vgs til hausten.

Det er på tide å tenkja på læreplass for dei som ønskjer å bli lærlingar til hausten. Og bedriftene i Vindafjord står klare til å ta i mot.

28. februar 2017
Gunlaug Habbestad

Personalkonsulent, Westcon Yards

På Westcon Yards vil me ta inn åtte lærlingar til hausten; to på mekanisk, to på røyr, to på plate og sveis, ein på IKT og ein i kokkefaget. Fristen for å søka gjekk nyleg ut og det ser ut som om søknadsmengda har vore bra. Nå har me 15 lærlinger hjå oss, og dette talet har vore stabilt dei siste åra. Så lenge me har jobb til dei, vil me framleis satsa på lærlingar. Det er slik me får dei flinkaste folka.
Aase Vinjerui Berge

Avdelingsleder, Berge Sag Fagbygg

Me har sju lærlingar i dag, og vil ta inn to nye til hausten. Målet vårt er at lærlingar skal utgjera 10 prosent av dei tilsette på Fagbygg. I dag er dei fleste lokale frå Etne eller Vindafjord, og me skulle gjerne hatt flere «utanfrå» også, då me har stor aktivitet i og rundt Haugesund.
Turid Berge-Olsen

HR-leiar, Ølen Betong

Vi har per nå sju lærlingar fordelt på IKT-faget (1), industrimekanikerfaget (2), betongfaget (1) og yrkessjåførfaret (3). Fire av desse tar fagbrev i år. Behovet er nok størst innan yrkessjåførfaget og betongfaget sidan det er her vi har mest å gjera og er flest tilsette Vi vurderer å ta inn ytterligare to lærlingar frå hausten.
Britt Randi Stokkevåg

Fabrikksjef, Nortura Sandeid

Vi har som mål å ha inne ein ny lærling kvart år i slaktarfaget. Akkurat no har me berre ein lærling inne fordi det ikkje har vore fleire søkjarar. Vi kan også ta inn lærling i industrimekanikarfaget og i industriell matproduksjon. I desse faga tenkjer vi ein lærling annakvart år.
Geir Waage

Leiar for produksjon, Hatteland Display

Vi har som mål å alltid ha to lærlingar i elektronikk og logistikk, og det har vi også nå. Det som er litt annleis i år, er at begge er inne i sitt andre år. Det er fordi vi sa ja til å overta ein elektronikklærling som mista lærlingplassen sin i Haugesund halvvegs i læreperioden. Slik marknaden er per i dag, er det ikke aktuelt å ha flere enn to lærlingar. Men det kan endra seg.
Folk i vinden
Fem i farten

Sommarvikarar må til mange stader for at dei som jobbar fast skal få ferie. Her er eit knippe sommarvikarar i Vindafjord.

Thomas har hatt sommarjobb hos Berge Sag sidan han var 16, og han er ein av tre vikarar på lageret. - Vi hjelper kundar og gjer klar bestillingar. Det er mest større bestillingar som går ut herfrå til snikkarar og byggeprosjekt, seier Thomas, som også jobbar på lageret i andre feriar. Han har gått tre år på Haugesund Toppidrettsgymnas, og vil studera og jobba frå hausten.
Einar er ein av 21 sommarvikarar. Han starta i jobben 2. mai og skal jobba til 11. august. - Å få sommarjobb i Haugesund er ikkje lett, så eg er glad for å jobba her og bu hos farmor. I dag spenner eg opp selskinn til tørking. Elles legg eg skinn i maskiner, sliper, handkardar og er i våtavdelinga og skjærer vekk fett, seier Einar, som byrjar på vidare utdanning i Oslo som personleg trenar i august.
Solfrid Marie har alt fire års fartstid på bensinstasjonen, og jobbar også kveldar og helger ellers i året. No er det full jobb heile sommaren. - Det er ein kjekk og variert jobb med mange trivelige kundar. Vi lagar det meste av maten, sel oljer og anna til bilen, ryddar og fyller på i hyllene, seier Solfrid Marie, som skal ta seg eit friår etter vidaregåande.
Er ein av fem sommarvikarar i butikken. Ho trivst så godt at ho ikkje har tenkt å ta ferie. - Eg jobbar tre til fem dagar i veka og skal jobba til uti august. Det er nok å gjera på, og dagane går fort. Eg sit mellom anna i kassa, hjelper kunder, fyller på i hyllene og ryddar i butikken, seier Elise. Til hausten held ho fram med lærarstudiar på Stord.
Når Medvind24 stikk innom, har Andreas det travelt med mykje forskjellig i resepsjonen. De første dagane av fellesferien er det her det er mest trong for hjelp. - Når eg er ferdig her, skal eg kjøra truck i to og ei halv veke, seier Andreas. Han var ferdig med VG2 service og samferdsel til sommaren og skal ta påbygg på Lundaneset vgs til hausten.

Tips oss!

Nytt om navn

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send epost
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send epost