SMV er Årets lærebedrift!

Skåneviksbedrifta fekk pris for langt og godt arbeid med lærlingar.



- Utan ungdommen kjem me ingen vei. Me har arbeidd mykje med lærlingar og får mykje att for det. Martin Fitje skal ha stor takk for det gode arbeidet han har gjort med lærlingane i SMV, sa dagleg leiar Lars Hovda. 

- Det er utruleg viktig å ta ungdommen fram til fagbrev og også gi dei moglegheit til vidare utdanning. Utan at me som bedrift stiller oss tilgjengelege for lærlingane., vil det vera ei utfordring for alle dei unge som vel yrkesfag, seier Martin Fitje, teknisk leiar i SMV.

Prisen er delt ut av Etne Sparebank, Haugesund Sparebank og Sparebank 1 SR-Bank i samarbeid med Fikse Næringsutvikling.

I grunngjevinga for kåringa heiter det: 

Årets lærebedrift har jevnt og trutt hatt lærlingar og høgt fokus på rekruttering, sjølv når bedriften i periodar opplever dårligare tider. Dei scorar veldig godt på arbeidsmiljø og høg trivsel blant lærlingane. Dei har engasjerte fagansvarlege og godt kvalitetssystem for opplæring av lærlingar. Dei tar ofte eit ekstra samfunnnsansvar for og får gode resultat med kandidatar som ikkje har passa heilt inn i den beine vegen gjennom skule og ut i yrkeslivet. Dei kan også år etter år visa til ekstra gode resultat når lærlingane går opp til sine fagprøvar.

Vurderingskriterie: for prisen:

Den som vert tildelt prisen skal ha utmerka seg positivt innan eitt eller fleire av fylgjande område: 

  • har over tid vist eit systematisk arbeid i opplæringa av lærlingar/lærekandidatar som gir eit godt grunnlag for å bestå fag/svenneprøven eller kompetanseprøven. 
  • har tatt ansvar for kompetansehevingstiltak til instruktørar/faglege leiarar 
  • deltar aktivt i utvikling av relevante fagområder • har eit godt og aktivt kvalitetssystem for opplæring av lærlingar/lærekandidatar.  
  • har eit aktivt to-vegs samarbeid med grunn- og vidaregåande skular om hospitering, prosjekt til fordjuping m.m.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips