Blir ny brannsjef for regionen

Dag Botnen er tilsett som dagleg leiar/brann- og redningssjef i Haugaland Brann og Redning IKS.

Av Redaksjonen

Publisert 28. august 2017

Dag Botnen er frå Fusa i Hordaland. Foto: Brannløftet Gjensidigestiftelsen

Botnen har hatt stilling som Dagleg leiar / Brann og redningssjef i Hallingdal Brann og Redning IKS sidan 1999, skriv Haugaland brann og redning IKS, i ei pressemelding. 

Dei siste 2,5 åra har han i tillegg vore prosjektleiar for Brannløftet i Gjensidigestiftelsen. 

-  Dag Botnen har solid leiarkompetanse og kompetanse innan fagfeltet. I tillegg har han lang erfaring som instruktør. Styret er glade for å ha fått Dag Botnen til å leia arbeidet med oppbygginga og drifta av selskapet, skriv styreleiar Elling Hetland i ei pressemelding. 

Haugaland brann og redning IKS er etablert av kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Suldal, Sveio, Tysvær, Utsira og Vindafjord. Selskapet er under oppbygging og skal dekka alle kommunane sine plikter, oppgåver og behov i samband med brann- og eksplosjonslova. 

16 søkjarar til stillinga

Fire kvinner og tolv menn søkte stillinga som regionbrannsjef:

Solveig Hortman (49), Vindafjord, leiarr for brannførebyggjande avdeling 

Alf Reidar Nilsen (51), Haugesund, leiarr for prosess og teknisk tryggleik 

Askambek Tausov (49), Sandnes, seniorplanleggjar 

Dag Botnen (47), Fusa, brannsjef/prosjektleiar 

Hanne Jensen (45), Karmøy, HMS-ingeniør 

Hans Erik Lundberg (51), Karmøy, spesialrådgjevar/beredskapsansvarleg 

Jostein Engedal Stormo (38), Sveio, maskiningeniør 

Lars Jørgen Svendsen (52), Stjørdal, driftssjef 

Maja Katrine Fagerheim (24), Haugesund, salgsfremjar /ringevikar (lærar) 

Michael Gräfe (44), Haugesund, driftssjef 

Monica Valen (34) Haugesund, prosjektleiar 

Nils-Arnold Nilsen (46), Kvænangen, brannsjef 

Paul Ivar Myrstad (54), Moss, instruktør/konsulent 

Steinar Gunnarshaug (34), Bardu, operasjonssjef 

Tor-Inge Henriksen (49), Haugesund, brannsjef 

Unnateke offentlegheit, mann (42), Karmøy, personalsjef

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips