Desse er klare for ei heiso reis

Seks bedriftslag frå Etne og Vindafjord skal delta i den lokale styrkeprøven 23. september.

Åkrafjorden Oppleving og Medvind24 Næringshage står bak Heiso Reis, ein lokal variant av 71 grader Nord og Amazing Race. 

 Seks femmannslag skal ta seg fram på ei løype gjennom Etne og Vindafjord med ei rekkje oppgåver undervegs. Reisa skal gå både til sjøs, til lands og ein del høgdemeter over havet. 

- Ein treng ikkje vera noko idrettsutøvar for å bli med på dette. Oppgåvene blir varierte og skal passa for allsidig samansette lag. Målet vårt er at laga skal få ein uforgløymeleg dag der lagbygging står i hovudfokus. I tillegg har me ei målsetjing om at både deltakarar og publikum får augo opp for dei mange tur- og reiselivstilboda me har i distriktet, seier John Karsten Hustveit i Åkrafjorden oppleving. 

Laga skal møta klokka 09.00 på kaien i Skånevik laurdag 23. september. I løpet av dagen vil deltakarane fleire stader bli godt synlege på reisa si gjennom Etne og Vindafjord på veg mot endestasjonen. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips