Dynevask på oktobersal 

På tide å lufta dyna? Øyane ASVO går breitt ut og tar sats med oktobersal på vask av dyner, puter, og madrasstrekk for privatkundar i heile distriktet, henting og bringing inkludert.  - Me vil gjera tenestene våre endå betre kjende for fleire.

1.oktober går startskotet for vaskeriet sitt oktobersal; Då legg ASVO-bilane på hjul ut til husstandar i heile regionen, for å samla inn dyner, puter og trekk til overmadrassar til vask. Etter ein tur innom Øyane ASVO blir tøyet levert på døra att, nyvaska i moderne maskinar og handtert av proffe vaskerihender. 

- Me skal ut å gjera oss kjende. Og den beste måten å gjera det på er å visa heilt konkret kva tenester og kvalitet me kan levera. Oktober månad er vanlegvis ein noko roleg månad for oss, men me reknar med at oktober 2018 vil bli unormalt hektisk, og det er jo også målet, seier dagleg leiar ved Øyane ASVO, Paul Fuglestein. 

Åtte tonn gjennom vasken

Når Fuglestein seier «roleg» er det ei sanning med modifikasjonar – det er sjeldan det er avslappa i eit av dei mest moderne vaskeria i regionen. 

Her går det dagleg åtte tonn gjennom vasken; arbeidstøy for industriverksemder og institusjonar, dukar, handkle og senketøy for hotell, serveringsstader og omsorgssenter, golvmoppar og dynetrekk, golvmatter, filler og overmadrasser. 

- Me har meir enn 300 nøgde kundar over heile Haugalandet, i Ryfylke, i Hardanger og i Sunnhordland, men framleis ønskjer me å gjera oss endå betre kjende hjå folk i distriktet. Me vaskar jo alt som kan vaskast, og det er nok mange der ute som ikkje er klar over at me har moglegheit til å ta den tunge tøyvasken for dei, seier Fuglestein. 

Næringshagebedrift

Sjølve vaskinga er berre ein del av den travle verksemda på Tongane i Etne. Å ta unna den store tøyvasken for blant anna Aker på Stord, Vindafjordtunet og Ryfylke Fjordhotell krev sitt av logistikk. 

- Transportgjengen er alltid på farten. Totalt sju ASVO-bilar fartar Stord, Vindafjord, Tysvær, Odda, Suldal, Haugesund og Karmøy, og hentar tøy inn til vaskeriet, før dei køyrer det tilbake att til kundane, fortel Fuglestein. 

Og det er ikkje berre tøy som skal fraktast inn og ut; Fire tilsette tar seg av pakkeavdelinga, der blant anna ljåar og ved-stativ blir pakka og sendt av garde til Hamre AS. 

Innanfor ASVO-veggene finn me også det kommunale hjelpemiddellageret; ASVO har ansvar for vedlikehald, utlevering og henting av private og kommunale hjelpemiddel for Etne og Vindafjord kommunar. Og treng du få påsydd logoar på klede eller anna tøy? Også det fiksar ASVO på si heilt eiga systove.

Her er noko av det som går gjennom ASVO-vasken kvar dag: 

  • Dyner og puter
  • Overmadrassar
  • Dynetrekk, putevar og laken
  • Kjeledressar 
  • Golvmatter 
  • Arbeidsjakker og -bukser 
  • Handskar
  • Handklede 
  • Moppar 
  • Filler 
  • Dukar 
  • Regntøy 
  • Badematter

50 personar i sving

Totalt 50 personar er i sving på vaskeriet; Øyane Asvo har sidan oppstarten lagt til rette for menneske som av ulike årsaker fell utanfor det ordinære arbeidslivet, der dei får nytta ressursane sine saman med andre ordinære tilsette på ein moderne og effektiv arbeidsplass. 

- ASVO er ei bedrift som skal gi rom for alle som ønskjer ein arbeidsplass å gå til kvar dag, der dei får bruka ressursane sine. Arbeidsstokken består av alle typar menneske, med ulik kompetanse og stillingsform. Men gjengs for dei alle er at dei set si æra i å gjera ein god jobb. Det er også difor me ikkje berre har 300 kundar, men 300 svært nøgde kundar i eit stort om land, seier Fuglestein, som nå førebur seg på eit solid auke i kundemassen i oktober månad. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips