Frå kano til karaoke 

Tveit Rekneskap gjekk av med sigeren, med Omega hakk i hel. Sjekk ut kor Heiso Reis gjekk dette året, og kva laga fekk bryna seg på her! 

Frå kl. 09.00 blei dei åtte laga henta med buss langs E134. Kor turen gjekk var uvisst, men dei fleste fekk ein mistanke då dei blei informerte om å førebu seg på ei luftig øving i det me nærma oss Trolljuv bru. Det gjekk eit lettelses sukk gjennom fleire, då første post IKKJE var strikkhopp, men ei noko meir selskapsrelatert første øving. 

Sjå fleire bilete nederst i saka!


Heftige tak i FK-challenge.

Deretter gjekk turen endå lengre innover Åkrafjorden. Dagens lengste etappe starta like aust for Rullestadtunnelen. Det var tid for orientering: På veg til neste mål skulle kvart lag innom to ulike postar, før endeleg tid på etappen blei klokka inn ved målgang ved jettegrytene på Rullestad. 

Ei Heiso Reis

  • Lokal opplevingsreality i Vindafjord og Etne, 22. september
  • Arrangert for første gong i 2017
  • Arrangørar er Åkrafjorden Oppleving og Medvind24 Næringshage
  • Arrangement for bedrifter, lag og organisasjonar 
  • Årest samarbeidspartnarar: Åkrafjorden Nature B&B, Felleskjøpet Etne og Old River Saloon. 

Laga tok deretter turen ned att til den gamle postvegen på Rullestad, som var organisert med natursti, og totalt sju oppgåver med spørsmål venta langs vegen før laga samlast på Halvfjordingen. 

Her skulle hukommelsen testast: Kvart lag skulle der memorisera totalt 32 ulike småting lagt fram for dei 20 sekund. 

Heiso Reis går som kjent både «til lands og til vanns» og på neste etappe blei laga sende i kano over Rullestadvatnet. I enden blei dei møtte med ein rebus, der svaret også var destinasjonen for neste mål: Åkrafjorden Nature B&B, på gamle Fjæra skule.

I gymsalen her skulle kvart lag gjennom kvar sin labyrint: Eit rutenett med 8x8 ruter var lagt fram, og deltakarane måtte etter tur prøva seg fram for å finna kva ruter dei kunne tre inn i for å komma seg gjennom heile nettet.

Etter ein velfortent pustepause på gamleskulen var det tilbake att på bussen som denne gongen gjekk i retning vest. Ved Skakkesenteret venta Felleskjøpet som stilte med dagens mest intense styrkeprøve: 

Som oppvarming blei laga utfordra med ein quiz. Første lag med seks rette svar måtte deretter springa ein runde rundt bygget. Etter runden skulle ein trestokk sagast opp i ti skiver. 

Når det var gjort skulle det berast staur: totalt 50 stokkar låg stabla, desse skulle berast over området, og tilbake, før dei måtte stablast på same vis som dei låg. 

Rundballe-rulling var siste utfordring: rundballen skulle trillast over målstreken før laga til slutt kunne feira gjennomført «FK-challenge». 

Men det var ikkje slutt med det. Etter ein god pause, var det på tida å testa andre ferdigheiter. Laga fekk utdelt kva si songliste, der dei skulle velja ein låt, som skulle framførast på Old River Saloon etter festmiddagen. Einaste hjelpemiddel: ein karaokemaskin. 

Finaleoppgåva blei motteken med blanda entusiasme; men juryen, beståande av dansebandet Contrazt, var imponert av jamt over særs høg innsats. 

Det blei ikkje mindre enn to vinnar-kåringar om kvelden; ein uheldig glipp i poengoppsummeringa førte til at feil vinnar blei utropt, før Tveit Rekneskap etter finteljinga blei velfortent kåra til årets vinnar. 

Med nytt og kvlitetssikra poengsystem, og ikkje minst; særs imponerte over både innsats, prestasjonar og høg stemning dagen gjennom, er arrangørane klare for ny reis neste år!! 


Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips