Har jobben på brødskiva, men kjem aldri i DN

70 personar frå 50 bedrifter i svært ulike bransjar. Fellesnemnaren: Ingen får spalteplass i Finansavisen, og blir ikkje frontfigur for lokal verdiskaping. Totalt omset dei likevel for fire milliardar i året, og tar forretningsmessige risikoavgjersler over frukostbordet. 


Små bedrifter i Etne og Vindafjord står for ei enorm verdiskaping, men kjem altfor ofte i skuggen av dei store. Til trass for mindre ressursar må dei likevel imøtekoma same krav frå styresmaktene. - Rapporteringsveldet må forenklast, var tydeleg bodskap frå dei 70 som var samla på Fugl Fønix Hotel, tysdag kveld. 

- Til saman står småbedriftene i Etne og Vindafjord for ei omsetning på 3,6 milliardar. Det tilsvarar Ølen Betong, Omega og Westcon Yards samla. Dette er utanom landbruksnæringa, som er betydeleg i begge kommunar , seier Kjell Larsen, leiar for rådgiving bedrift  i Tveit Regnskap, som innleia småbedriftsamlinga «Små bedrifter – Store verdiar» . 

- Men trass den store verdiskapinga småbedriftene representerer her i regionen, hamnar dei i skuggen av suksesshistoriene til dei store bedriftene som dominerer, påpeikar Larsen. 

Tysdag kveld var det dei små bedriftene som var i søkelyset, medan dei store konserna blei parkerte med ei bisetning i opningsinnlegget. 

Ber børa på eigne skuldre

Medan arrangørane bak «Små bedrifter – Store verdiar» hadde forventa maksimum 20 deltakarar, kunne dei ved start ønskja 70 gjester velkomne til ei samling for og om småbedrifter og deira kvardag. Fikse Næringsutvikling og Medvind24 Næringshage sto bak møtet som i all hovudsak var retta mot bedrifter i det såkalla SMB-segmentet, små eller mellomstore bedrifter, for å kartleggja betre kvar skoen trykker for dei små. 

- Desse bedriftene blir aldri dekka av Dagens Næringsliv eller Finansavisen. Dei tar alle stor risiko og ber denne børa kun på eigne skuldre. Dei tar store og tunge avgjerder ved frukostbordet, og slit med søvnlause netter. Og de er dei me får mailar frå langt etter kontortid eller ein laurdags ettermiddag. Nå vil me vita meir om kva småbedriftene slit med, korleis det kan løysast og kven som kan løysa det, seier Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling. 

Med mest heile familien i bedrifta kan det fort bli jobb på kontoret så vel som ved middagsbordet. - Og det har både sine fordeler og ulemper, seier Bjarte BErge ved Ølensvåg Autosenter.  

Snakkar jobb i svevne

Stafetten gjekk vidare til fire lokale småbedrifter, som fekk lufta sine utfordringar, men også motivasjon ved å driva lite og lokalt. 

- Som tredje generasjons bensinstasjonseigar og leiar av ei familiebedrift må ein læra seg å leva med jobben «på skjevo», med dei ulemper og fordeler det fører med seg, seier Bjarte Berge, dagleg leiar av Ølensvåg Autosenter. 

- Me slepp hierarkiet, har korte beslutningsvegar og har gode sparringpartnarar som veit kva me må stå i kvar dag. Likevel kan det bli heite diskusjonar på jobb som blir hengande igjen i middagsselskapet på kvelden. Og du snakkar jobb og bensinstasjon både på kontoret og heime, kveld som dag. Også i svevne, har eg høyrt, oppsummerte Berge i sitt innlegg om familieeigde bedrifter. 

Same krav til  små som  store

Små bedrifter med knappe ressursar møter det same rapporteringsveldet som dei store med konsernapparatet rundt seg. Lars Rune Langhelle driv Skånevik Naturoppleving (Villmarksleiren) og meiner kommunikasjonen med styresmaktene må forenklast for dei dei små. 

- Tida me skulle ha brukt på å utvikla bedrifta går til rapportering.. Krava er dei same for oss småbedrifter som dei store, og dette må forenklast, meiner Lars Rune Langhelle i Skånevik Naturoppleving.  

- Hadde eg hatt ein jobb med ein million i inntenkt, kunne eg levert ei forenkla sjølvmelding. Som einmannsføretak med låg  omsetning, bruker eg enormt med tid på rapportering og skjemaveldet. Denne tida burde eg heller nytta på det eg faktisk skal arbeida med: utvikling av bedrifta, understrekar Langhelle. 

- Eg høyrer ofte at «slik er det berre». Men kanskje det er på tida og skrota det som «er» og starta heilt på nytt igjen? Kommunikasjonen med styresmaktene må bli betre og forenkla, seier Langhelle. 

Dagleg leiar ved Fugl Fønix Hotell, Audun Stene stilte også spørsmålsteikn ved at dei same krava blir stilte til dei små som dei store. 

- Me plar seia me er eit lågfjellshotell med utsikt til Shell, og har drive hotellet i snart 20 år. Dei siste åra har det kome stadig nye krav til mellom anna allergenmerking i både mat og drikke. Store grossistar har allereie dette klarert, og kan imøtekoma desse krava enklare enn oss som vel å bruka lokale råvarer. Dermed kan ein fort enda opp kun med å bruka ferdigprodukt, noko som ikkje er interessant for oss, poengterte Stene. 

Personalhandtering er ein stor jobb 

- Ein ting var me sikre på: me skulle i alle fall ikkje veksa, seier Rasmus Tore Stople i haugaland Bygg & BEtong. Frå 2015 til 2017 har selskapet meir enn dobla seg.  

Ikkje sidan 2010 har det vore etablert så mange nye bedrifter i Etne og Vindafjord som i fjor; totalt 130. For svært mange nyoppstarta bedrifter er tilsetjing ei kneik. Frå å vera femten tilsette i 2014 har Haugaland Bygg & Betong vakse og tel i dag 36 tilsette. Med så rask vekst valde selskapet å bruka avløysarlaget til personalhandteringa 

- Då me passerte 15 tilsette var me sikre på ein ting. Me skulle i allefall ikkje veksa. Det blei ofte litt «off-ing og oi-ing» då me fekk inn nye oppdrag, med tanke på alt som skulle handterast rundt nye tilsette for å imøtekoma oppdragsmengda, seier dagleg leiar Rasmus Tore Stople. 

- Personalhandtering er ein svært stor jobb. Og Avløysarlaget har tatt seg av denne jobben for oss dei siste åra. Det har vore ei svært god ordning der dei har handtert all administrasjon, pensjons- , forsikrings, - og sjukelønsordningar for oss. Men nå tar me snart dette tilbake til bedrifta. Etter at me har fått innarbeidd nytt personalhandteringssystem, har styringa av både prosjekt og drifta blitt enklare, seier Stople. 

Dei største utfordringane

Andre del av samlinga sette søkelys på kva problem småbedriftene slit med i kvardagen, korleis dei kan løysast og av kven. 

Dette er utfordringane dei 70 oppmøtte meiner er dei største for deira verksemd:

  • Netthandel: eit trugsmål mot lokale krefter. Det er kostbart å oppretta netthandel, og her burde gjerne nokon lokale tatt oppgåva med å forenkla denne prosessen. 
  • Anbodsfristar: altfor korte, særleg frå det offentlege 
  • Rapportering og HMS-krav: Det er i dag stilt same krav til små som store bedrifter, og ein må jobba for å endra dette. Styresmaktene seier dei vil gjera denne børa mindre, men i praksis blir det berre større krav. Ved all effektivisering av rapporteringa blir også stadig fleire krav putta på. Dette er enormt tidkrevjande for alle daglege leiarar. («Og kven kan fiksa dette? Erna Solberg og HMSK-rådgivar Øyvind Oland» - til applaus frå salen) 
  • Tilsetjing av dei rette folka er tidkrevande og vanskeleg. «Alle» kan vera gode kandiddatar. Det er eit behov for hjelp til å finna dei rette. 
  • Marknadsføring er eit spørsmål om pengar. Mange pengar. Dei fleste bedrifter manglar eigen kompetanse på dette, og det er eit behov for ekspertise innan marknadsføring, særleg gjennom sosiale media.  


Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips