Høgdepunkt frå Wilhelmsen

Fekk du ikkje med deg Ingvar Wilhelmsen sitt føredrag førre veke? Her kan du høyre nokre av høgdepunkta frå hypokonder-ekspert og psykiatri-humorist Wilhelmsen.


Klikk på ruta under og høyr første halvdel av Ingvar Wilhelmsen sitt føredrag "Vi står sterkest sammen når vi er sterke alene" 9.februar:

- Det meste i livet kan me ikkje gjera noko med. Me får ikkje velja foreldra våre, eller kva sjukdomar me får. Sjølv med ei blåblå regjeringa er det ikkje blitt slik at me kan søkja helsedirektoratet for å få innvilga eit lite infarkt, eller diabetes, me får ikkje velja type ein gong. Ikkje får me velja kronekurs eller oljeprisar. Det er sjukt mykje me ikkje får velja. Men korleis me forheld oss til det, kan me velja. 

  • Sjå bildegalleri frå kvelden lengre nede i saka

Wilhelmsen hadde dei 350 publikumarane med seg frå første sekund. Forfattaren og psykiateren byr på minst like humor som alvor. Han drar gjennom eit utval pasienterfaringar og med svært skrått blikk på angst, bekymringar og sjølvinnsikt, ristar han litt realisme inn i dei noko overskyggande katastrofetankane me alle ber på frå tid til annan. 

Sjukdom, konfliktar eller kriser i livet – det er haldningane til situasjonen som er det viktige, meiner Wilhelmsen. 

Wilhelmsen er like mykje komikar som psykiater. Angst og katastrofe-tenking slår an på Ølen Kulturhus. 

- Ein pasient eg hadde var alkoholikar, og hadde drukke i 30. Han meinte at det var jo ikkje noko ein kunne endra på så fort. Ånei, svarte eg, er det slik at om ein har hatt ein problem lenge så er det eit argument for å ha det litt til? Eller skal me sei at 30 år er nok? Deretter argumenterte han med følgjande: «oldefar min drakk, bestefar min drakk og far min drakk…». Javel, meiner du at dette er det beste trekket i dykkar familie? Noko som må førast vidare? Slik at sonen din også får drikka? Eller skal me seia at de har fått drukke nok…? 

- Eg seier ikkje at det er lett å slutta å drikka alkohol, men om du ikkje startar å øva, og skuldar på oldefar, kjem du ingen veg. Me må våga å ta litt ansvar for det vesle me kan ta ansvar for: holdningar og handlingar, er Wilhelmsen sitt første bod for handtering av sjukdom og krise i livet. 

Deretter skulle angst og bekymringar til pers. Me er flinke til å bekymra oss. For borna våre, for sjukdom, for kva folk tykkjer om oss. Så, kor mykje tid, kor mange timar av dagen og natta skal me eigentleg bruka på ting me aldri kan kontrollera, spør Wilhelmsen publikum. 

- Ein vaksen mann som var pasient hjå meg fortalde at han hadde bekymra seg for borna sine i 20 år, men ingenting hadde skjedd. Nå våga han ikkje å la vera å bekymra seg, «for då kunne jo alt skje». Han våga ikkje slappa av og la bekymringane fara, for då ville dei jo slå til. Sjølv tar eg gledene regelmessig på forskudd. Slår dei ikkje til så var nå gleda der så lenge det varte. Og om det skulle slå til så er det jo dobbel glede, understrekar han. 

Etter 30 år som psykiater og spesialist i indremedisin, veit Wilhelmsen ein ting og to om ekte og uekte bekymringar her i livet. Sjølv blei han råka av transvers myelitt i 1984, og blei lamma frå livet og ned. Prognosane hans var dårlege. 

- Mange av mine pasientar slit med sjukdomsangst. Heile livet øver dei seg på å blir sjuke, på å døy. Då spør eg dei: Skulle du bli råka av kreft ein dag, ville det så hjelpa at du allereie hadde vore redd for dette heile livet, øvd deg på cellegiftkur, eller kjøpt inn parykk? Ville det «tatt brodden av» dersom diagnosen faktisk kom? Tenk om eg skulle starta å øva på kreftsjukdom i 1983. Så kom 1984 og eg blei lam. Så hadde eg sete der og sett rimelig dum ut med tuèen min. Det var jo rullestol eg skulle ha kjøpt. Alt kan skje, og me må ta det etter kvart. Og du treng ikkje vera redd: skulle du bli sjuk, vil du merka det, minner Willhelmsen om. 

Men ingen skal tru dei kan unngå unngå katastrofe-tankane og bekymringar. Tankane har ingen kontroll over.  Men korleis me forheld oss til det er noko anna. Me er sjølv i stand til å velja kor mykje kraft og næring me gir desse tankane, er bodskapen frå Wilhelmsen. 

- Mitt råd er å hengja tanken på ei sky der oppe, og la ho sveva bort, tipsa han publikum om. 

Eit annan effektiv metode kan vera å samanlikna bekymringstankane og angsten med ein nabo du ikkje likar så godt. 

- Du kan ikkje hindra at han ringjer på døra di. Men du kan la vera å opna. Møter du han på butikken dagen etter og han nemner at du ikkje hadde opna døra, kan du fint svara «nei, og det var heilt bevisst». Då kan det jo henda han tar hintet. Men dersom du ber han inn, byr på kaffi og sveler, og gir han ein klem når han går, då vil han koma tilbake. igjen og igjen. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips