Kjøpte bygget og dobla størrelsen 

20 år tilbake starta ho tannlegepraksisen som leigetakar i flunkande nytt bygg i Ølen. Nå er tannlege Kari B. Lauritsen blitt herre i eige hus, og nyleg opna ho dørane til «nytt» og dobbelt så stort tannhelsehus i Ølen. 


Ein triveleg tannhelsegjeng tar i mot pasientar frå eit stort omland, nå i nye, lune klinikklokale. Frå venstre: Tannlegane Siri Helstrup og Kari B. Lauritsen og assistent Asbjørg Heggø.  


- Det fall seg heilt naturleg å kjøpa bygget då moglegheita baud seg. Det var også det som skulle til for at eg skulle investera i oppgradert og større tannlegeklinikk. 

Kari B. Lauritsen tek rundturen i den nå dobbelt så store tannlegeklinikken i 2. etasjen som tidlegare var Pizzabakaren og nå Ølen Tannhelse. 

Sidan 1997 har Lauritsen vore privatpraktiserande tannlege med eigen klinikk i Ølen. For to år sidan kjøpte ho bygget der ho inntil då hadde vore leigetakar, og dermed var det klart for å setja utbyggingsplanane ut i livet. 

Vanleg drift i byggesjauen 

Nå er arealet er dobla og nyoppussa. Og med det siste innan tannlegeutstyr installert er dei seks tilsette klare til å ta i mot dei om lag 1200 pasientane som er innom Ølen Tannhelse årleg i freshe lokale. 

 Me har klart å halda ope med vanleg drift heile tida, og har hatt lokale handtverkarar som har stått på for at me skal kunna driva som vanleg, seier Lauritsen. 

- Eg har drive tannhelseklinikk sidan 1997, og det var heilt naturleg å kjøpa bygget for å satsa ytterlegare på klinikken då eg fekk sjansen til det, seier Lauritsen. Samstundes som oppussinga har pågått har ho også oppgradert Ølen Tannhelse sin visuelle profil med ny logo. 

Saman med tannlege Siri Helstrup og tre tannlegeassistentar tar Lauritsen imot pasientar frå eit stort omland. Dei fleste pasientar held godt fast på tannlegen sin, og mange har følgt Lauritsen og Halstrup gjennom mange år, uavhengig av klinikkadresse. 

- Me har pasientar som har vore med oss lenge og som ikkje berre kjem frå Vindafjord og Etne, men også Odda og Ryfylke. Mange av dei har vore pasientar hjå meg sidan oppstarten, eller har følgt med Siri som tidlegare arbeidde i Suldal. Dei fleste er jo berre innom ein gong i året, og når dei er nøgde med tannlegen sin plar dei halda fast på vedkommande, seier Lauritsen. 

Medan born, ungdom under 20, brukarar av eldreomsorg og psykisk utviklingshemma (såkalla frie grupper) har rett på tenester i offentleg tannhelse, har Ølen Tannhelse som privat klinikk hovudsakleg vaksne pasientar. 

- Me tar også inn andre som elles brukar den offentleg tenesta dersom dei har behov for det. Men i Vindafjord er det stabil og god dekning innan den offentlege tannhelsa, så hovudsakleg er pasientgruppa vår 20 år og eldre, seier Lauritsen. 

Filmer tennene

- Eg arbeidde i det offentlege i starten. Først i Etne, så i Suldal. Deretter tok eg eit friår medan eg studerte psykologi og planla oppstart av eigen praksis. Det krev mykje, men eg stortrivst med å driva for meg sjølv. Særleg når eg kan ha eit godt fagleg miljø rundt meg, slik me har bygd opp her på Ølen Tannhelse med vårt team, seier Lauritsen. 

Det siste året har klinikken vore prega av byggesjau. Nå er halve klinikken er så god som ny, og det er investert i nytt utstyr. 

- Det er så mange funksjonar på mykje av dette nye at me knapt har fått sett oss inn i alt enno, smiler Lauritsen medan kikkar på det nye munnkameraet på behandlingsrom 1. 

 - Nå får me altså filma og ta bilde inni munnen slik at pasientane får sjå kva som blir gjort. Det er nok ikkje alltid like fint å sjå på, men… Elles vil ikkje pasientane merka store skilnaden på behandlinga. Det viktigaste er at dei skal få de same gode og trygge behandlinga me alltid ønskjer å gi, seier Lauritsen. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips