Lokal-Monopol i ny drakt 

På slutten av 80-talet fekk me Grannespelet, og på starten av 2000-talet spelte me Zportyspelet. Nå kjem den lokale monopol-varianten i ny drakt: Fiksespelet er snart til sals nær deg. 


Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening og Frank Abelseth i Vinnarskalle står bak tredje generasjonen av den lokale Monopol-varianten. 

- Me måtte naturlegvis ta ein runde på om slike spel eigentleg har gått ut på dato i 2018, og om tida var inne for å heller satsa på ein digital variant. Men me valde likevel å gå for eit tradisjonelt brettspel, og magekjensla seier at dette ville slå an, fortel Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening. 

For to år sidan kontakta han Frank Abelseth i Vinnarskalle om ei fornying av spelet og nå er resultatet klart; Totalt 1000 brettspel er snart ferdigpakka og klare for sal. Utgivar er Fikse Næringsforening, medan Vinnarskalle har stått for den kreative utarbeidinga. 

Fiksespelet er tredje generasjon av den lokale Monopol-varianten, som først blei gitt ut som Grannespelet av Ølen KFUM i 1987, og som på midten av 90-talet blei relansert som Zportyspelet. Også den gong med Abelseth som kreativ hjerne bak prosjektet.

 Synleggjer arbeidsplassar og næringsliv

Lag, organisasjonar eller skuleklassar som vil tena pengar, kan få spela gratis for sal til husstandar i Etne og Vindafjord. 

- Mange har nok både Granne- og Zportyspela friskt i minne. Dette er jo eit produkt som lev lenge i heimane hjå folk, og tida var inne for å blesa liv i dette igjen, seier Abelseth. 

Brettspelet følgjer  same oppskrift som tidlegare; aksjar i lokale bedrifter er «til sals» for spelarane, som på rundturen på brettet også får bryna seg eit variert utval spørsmål og aktivitetar innimellom kjøp og sal av aksjar, og innkrevjing av parkering på «tomtene». 

Totalt 22 lokale bedrifter og næringslivsaktørar har sikra seg «tomter». 

- Målet er å synleggjera bedriftene, arbeidsplassane og alle moglegheiter næringslivet står for her i distriktet. I tillegg ville me også visa det som finnest av fritidstilbod i distriktet. Difor har me fornya spørjekorta med fokus på både jobbmoglegheiter og fritidstilbod i to av hjørneplassane på brettet, fortel Abelseth, som har hatt med seg ein god gjeng på pakkinga av 130 000 spørjekort, 120 000 pengesetlar og 8000 spelebrikker. 

Gir bort spel 

Skuleklassar, lag eller organisasjonar som vil selja spelet, kan kontakta:

- Kvar einaste del av spelet fekk me tilsendt kvar for seg, så alt måtte fordelast på tusen øskjer. Det blei litt logistikk og ein god del jobb, men heldigvis fekk eg hjelp frå flinke ungdommar frå lokalmiljøet, SK Vats, Imsland og Skjold skular, seier Abelseth. 

Nå er han på jakt etter endå fleire gode hjelparar til sal av spelet. Og for skuleklassar, idrettslag eller friviljuge organisasjonar som ønskjer seg ei god inntektskjelde i haust, kan sal av Fiksespelet vera ein gyllen moglegheit. 

- Målet er at desse spela skal seljast i alle bygder i Vindafjord og Etne. Skuleklassar, friviljuge lag og organisasjonar kan få spela gratis i byte mot at dei står for salet av spela. Utsalspris på spela er 350 kr, og alle inntektene skal seljarane få sitja att med sjølve. Slik vil me sikra ein god distribusjon, samstundes som det kjem gode føremål til nytte, seier Abelseth.

Det skal ein god del organisering og logistikk til når fleire hundretusen delar skal fordelast og pakkast til kvar brettspel. Foto: Frank Abelseth. 


Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips