Bli med næringslivet til fjells

Du er med dette inviterte til landets truleg einaste næringslivskonferanse arrangert 467 meter over havet. 26. april 2018 går NæringsGIV av stabelen for fjerde gang. 

I fjor var Aslak Sira Myhre ein av dei som gjekk i bresjen til næringslivssamlinga på Olalia. Årets headlinarar blir lanserte om kort tid.

Programmet er framleis i støypeskeia, men datoen er sett! Sidan 2015 har meir enn hundre gjester tatt turen til Olalia, og arrangørane lovar årets deltakarar ein minst like innhaldsrik dag  av same gode NæringsGIV-standard som tidlegare år. 

Kleskode: Laus snipp, turklede og varme strikkalubbar. 

Program:  Dei gode næringslivshistoriane, om alt frå internasjonale storkonsern til lokale einmannsføretak.

Påmeldinga garanterer: Fjellmat, lettbeint underhaldning, prisdryss, stor takhøgde og minst like høg stemning. 

Sidan 2015 har meir enn 100 deltakarar frå Etne og Vindafjord gått fjellvegen til Olalia for næringslivskonferansen NæringsGIV. Blant dei fjellfarande som også har krydra programmet dei siste åra er Aslak Sira Myhre, Elin Ørjasæter, Ingebrigt Steen Jensen, konsernsjef i Fatland Gruppen Terje Wester, konsernsjef i Autostore Karl Johan Lier, Ølen Betong-gründer Atle Berge, privat barnehageutbyggjar Anette Lauareid Hovda og global distriktskunstnar Jan Terje Rafdal.

Meir om NæringsGIV: 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips