På topp i nærvær

I FUS barnehage i Ølen er det ikkje mykje snakk om fråvær. Her er det nærvær som gjeld. Det har ikkje gått ubemerka hen i FUS-systemet. 


Emelie Vestre og  Beate Hegerland har saman med kollegaene sine i FUS Ølensjøen auka nærværet blant dei tilsette i barnehagen. Her saman med  nokre av borna som tilbringer dagane i FUS Ølensjøen. (Frå venstre:) Elias Kvamen Pettersen,  Emil Hundseid,  Emelie Vestre , Amalie Haukland Lunde , Ine Berge, Andrea Celina Cesiulyte Markhus  og  Elton Kajtazaj.

Ølensjøen FUS barnehage har dei siste åra hatt fokus på auka nærvær blant dei tilsette i barnehagen, og har lukkast til gangs. Då dei passerte 94 prosent nærvær førre barnehageår, blei innsatsen premiert frå sentralt hald med FUS sitt nærværsdiplom. 

 Dei tilsette har saman klart å skapa ein kultur der alle ønskjer å bidra til ein inkluderande arbeidsplass, seier dagleg leiar ved Ølensjøen FUS Barnehage, Jenny Haugland Gundersen. 

- Med høg trivsel som utgangspunkt har me utvikla ein hjelpekultur der alle ønskjer å stå på for kvarandre og dermed løfta barnehagen til ein arbeidsplass der alle ønskjer å komma på jobb og bidra til det beste både for borna og kollegaene, seier Gundersen. 

Spelar familiane gode

- Trivsel på arbeidsplassen har vore grunnleggjande for at nærværet har auka, seier nestleiar i barnehagen Herborg Helland (t.v)  og dagleg leiar Jenny  Haugland Gundersen, her saman med Terje Kvalvågnes og Lars Vestbø 

115 born frå fleire Vindafjord-bygder og frå endå fleire nasjonalitetar tilbringar kvardagane sine i Ølensjøen FUS barnehage, og nærværet blant dei tilsette er heilt avgjerande for at barnehagen skal bidra til det tryggleiken både borna og familiane treng, meiner Gundersen. 

- Alle familiar har ulike føresetnadar, og me i barnehagen må ha trygge og stabile rammer for alle. Dei tilsette står for nettopp den stabiliteten, tryggleiken og forutsigbarheten alle born har behov for. For born med spesielle behov er det særskilt viktig at me som barnehage tar i mot dei i slike trygge rammer kvar dag, og alltid har den rette kompetansen for ulike behov. Barnehagen er ein viktig beskyttelsesfaktor og vår oppgåve er å oppdaga utfordringar, møta borna med innleving og spela dei og familiane gode, seier Gundersen. 

Fråværet i barnehagesektoren ligg på landsbasis generelt høgare enn hjå andre yrkesgrupper. FUS har som mål at alle barnehagar i kjeden skal koma over 95,5 prosent nærvær. 

Alle FUS-barnehagar i landet har ein «nærværstandard» som verktøy for å redusera fråværet. Ølensjøen FUS barnehage har også utover dette iverksett ei rekkje tiltak for å auka nærværet. Dette har igjen skapt kulturen som har bidratt til å auka nærværet mot 95,5 prosentsmålet. 

- Det er veldig viktig for oss å førebyggja, og me har difor lagt stor vekt på å vera i forkant, blant anna med fokus på ergonomi og ved å nytta oss av bedriftshelsetenesten dersom det er behov for det. I tillegg eg me alle veldig obs på å fanga opp signal på potensielle utfordringar før dei blir eventuelt blir problem som endar med fråvær. Me er også IA-bedrift, noko som har bidratt til at me har klart å auka nærværet, seier Gundersen. 

Eigarskap til arbeidsplassen

Etter at dei tok i bruk nytt bygg i 2014, har barnehagen utvida med tre avdelingar. Mange av dei tilsette har arbeidd i barnehagen i lengre tid, og vore med på utviklinga. Det er mykje kompetanse og høg fokus på kunnskap og utvikling i personalgruppa. 

- Alle som jobbar her har ei eigarskapskjensle til barnehagen, og har vore ein viktig dei i utviklinga av FUS Ølensjøen. Dei er dedikerte til fellesskapet og jobben me gjer, og vil vera med å bidra til ein god arbeidsdag for alle kollegaer. Det har vore avgjerande for at me har lukkast med satsinga på auka nærvær, seier Gundersen. Med diplomet kom også helsing frå FUS sentralt, og sjølvsagt blei tildelinga markert med kakefeiring. 

- Det er veldig kjekt at innsatsen dei tilsette gjer viser igjen og får merksemd. Me ser at nærværsarbeidet vårt gir resultat. Dette er eit arbeid som går kontinuerleg kvar einaste dag her hjå oss, og neste mål er å koma over 95,5 prosent, seier Gundersen. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips