Opna eige vaksinekontor 

Vindafjord har samla all vaksinekompetanse på eit og same kontor. Nå kan alle, om det gjeld vaksine for barn, influensa, reise eller HPV, få rådgiving og vaksine på kommunen sitt nyopna vaksinekontor. 


Lene Skartland (f.v.), Janne A. Austrheim, Iris Klage-Håheim og Anne-Beate Økland står klar med både vaksinar og gode vaksinasjonsråd på det nye vaksinekontoret i Vindafjord. 

- Ved å ha eit fast team med spesialkompetanse på smittevern og vaksinasjon vil me kunna tilby tettare oppfølging og rådgiving undervegs. 

Det seier Lene Skartland, konstituert helsesøster i smittevern, som saman med smittevernlege Iris Klage-Håheim, Janne A. Austrheim og Anne-Beate Økland, begge helsesøstrer i smittevern, er å møta på smittevernkontoret kvar tysdag, onsdag og torsdag. 

Vaksinekontoret som opna i april, tilbyr rådgiving og vaksiner både i samband med utanlandsreiser, barnevaksinasjonar og HPV-vaksiner til kvinner. 

Styrkar smittevernarbeidet 

Vaksinekontoret i Vindafjord

  • For timebestilling: Telefon: 995 70 968 
  • Epost: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no 
  • Stad: Vindafjord helsestasjon, Ølen 
  • Opningstider: Etter avtale på tysdag kl 10.00-17.00, onsdag/torsdag kl 09.00-15.00

Kontoret tilbyr:

  • Reisemedisinsk rådgjeving og vaksinasjon til reisande
  • Vaksiner ved manglar i barnevaksinasjonsprogrammet
  • HPV-vaksiner (i tidsrommet 2016 - 2018)
  • Influensavaksine (frå hausten 2018)
  • Vaksiner etter gjeldande nasjonale anbefalinger. Det er blant anna anbefalt at alle får påfyll av vaksinen Boostrix-Polio kvart tiande år.

Nyttige vaksinetips:

Kommunen har eit stort samfunnsansvar i samband med smittevern og førebygging, og med eit slikt kontor vil ein betra tenestene rundt dette, meiner Klage-Håheim.

- Kommunen har ansvaret for både førebygging og ikkje minst informasjon rundt smittevern og vaksiner. Folk reiser stadig meir, om det er ferieturar på fritida eller i jobbsamanheng. Det globale smittepresset aukar, og det er difor viktig både for deg sjølv og folk å vaksinera seg for både å unngår og spreia sjukdomar. Med eit eige vaksinekontor vil me styrka både førebygginga og ikkje minst informasjonsansvaret me har overfor innbyggjarane våre når det gjeld sjukdom og vaksinering, seier Klage-Håheim. 

I perioden 2016 til 2018 vil vaksinekontoret tilby HPV-vaksine til kvinner fødd mellom 1991 og 1996. Dette er ei gratis vaksine som er del av ein nasjonalt vaksinasjonsprosjekt mot livmorhalskreft. 

Kontoret skal også tilbyvaksinasjon etter nasjonale tilrådingar, og frå hausten av vil det bli gitt tilbod om influensavaksine. Det er som vanleg helsestasjonen som har ansvar for barnevaksinasjon men det nye vaksinekontoret vil hjelpa til med å «tetta hol» i vaksinasjonsprogrammet. 

- Me kan gje påfyll av manglande vaksiner. Blant anna bør alle ha kvart tiande år ha påfyll av Boostrix Polio, vaksinen mot difteri, kikhoste, polio og stivkrampe, seier Skartland. 

Samlar tilbodet lokalt 

Tidlegare har pasientar fått vaksiner og råd rundt smittevern anten hjå fastlege, eller blitt henvist til klinikk på Norheim.

-  Vaksinasjonar og rådgjeving rundt smittevern krev store ressursar, og det har vore eit ønske om å samla dette lokalt med eit spesialisert team som har særskilt fokus på dette området. Som del av eit prøveprosjekt opna me kontoret i april og allereie har me hatt godt besøk, og me reknar med det vil ta seg ytterlegare opp når me nærmar oss feriesesongen, seier Skartland.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips