Varm opp til 1. mai!
23 lag kjempa om æra i fjor, og til slutt var det Berge Sag som gjekk av med sigeren. Nå er det på tida å varma opp til ny stafett: 1. mai blir det nok ein gong styrkeprøve over Fikse.
Arrangørane gjentar suksessen for tredje gong, og inviterer til ny dyst - 12,3 kilometer over 10 etappar.
Som i fjor går startskotet også dette året ved SR-Bank Stadion i Ølen, med målgang ved Skakkesenteret i Etne.
- Bedrifter, lag, organisasjonar og privatpersonar blir er inviterte til å ta utfordringa, og det blir opna for påmelding i løpet av februar, seier Torleif Heggebø i Vindafjord Turlag, som arrangerer stafetten saman med Etne Turlag, Vindafjord idrettslag og Etne idrettslag.
I mellomtida kan du varma opp med nokre glimt frå stafetten dei to siste åra: