Har kontor både i Sandeid, bilen og hos produsentane

Karluf Håkull kjøpte sine fire første sauer for konfirmasjonspengane. Sidan har det blitt mykje sau, og Karluf er rådgjevar for småfeprodusentar på 25. året.

Karluf Håkull og kona er ofte på hytta i Viksefjorden. Fisking blir det lite av fordi han er for rastlaus. Foto: Ellen Marie Hagevik


 Ein typisk arbeidskvardag? 

På kontoret
Namn: Karluf Håkull (snart 66)
Bustad: Skjold
Sivilstand: Gift, 4 barn (som alle driv med sau) og 4 barnebarn
Stilling: Rådgjevar småfe hos Nortura Sandeid
Kor lenge i stillinga: Er i denne jobben på 25. året

- Ingen dag er lik. Oftast er eg innom kontoret frå morgonen av. Planlegg møter med produsentar og deltar eventuelt på møter her på huset. Med ansvaret for eit område som strekkjer seg frå Boknafjorden til grensa mot Sogn og Fjordane, har eg kontakt med 1700 produsentar, så blir det mykje reising. Eg køyrer 50.000 kilometer i året, og ofte er «kontoret» i bilen eller hos produsentane. I dag er det ei utfordring å treffa bøndene i vanlig kontortid, for mange har andre jobbar. Arbeidsdagen blir derfor ganske ofte arbeidskveld. I samband med kåring av sau og værlam blir det også litt helgejobbing, men det gjer eg gjerne sidan dette er ein veldig kjekk del av jobben. 

Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen? 

- Kaffi. Men aller viktigast er minst ein god prat med kolleger her på Nortura Sandeid, eller ein av dei mange dyktige bøndene vi har. 

Kva karakteriserer din arbeidsplass? 

- Humor, positivitet, travelt, mange diskusjonar om alt vi driv med, stort engasjement for avlsbeidet og at vi skal få fram sterke sauer med god helse og lang levertid. 

Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb? 

- Det er ikkje ein dag, men hausten 1996. Då måtte mesteparten av sauene på Haugalandet slaktast på grunn av scrapie (skrapesjuke). Då var det mange som var fortvila. Container etter container med skrottar kom hit til Sandeid for å bli kokt og destruert. Men det var også positive ting å ta med seg. Sauebønder over heile landet sto klare til å levera dyr til dei som hadde mista alt. Det blei gjort ein kjempejobb av både dei som selde og dei som skaffa sauer. I dag er kunnskapen om sjukdommen ein heilt annan, og vi har heldigvis ikkje vore i nærleiken av tilsvarande utbrot i ettertid. 

Kva gjer du på når du har fri? 

- Fjellturar, gjerne høgt til fjells som på Finse. Aller mest er vi på hytta ved Viksefjorden i Sveio. Vi overtok hytta etter svigerforeldrene mine, og den ligg 20 meter frå sjøen. Der får eg ta meg ut som eg vil med hage, snekring og båt.


Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips