Helsesøster på farten

Ho pendlar mellom helsestasjon, Vats skule og Lundeneset vgs, og møter elevar i alle aldrar med alle typar utfordringar. Møt skulehelsesøster Stine Hamre.

Ho er jamleg innom Lundeneset for elevsamtalar og undervisning. Og naturlegvis med sitt "må-ha" : kaffi i Lundeneset-kopp. 

Ein typisk arbeidskvardag? 

- Ein veldig variert arbeidskvardag. Som skulehelsesøster på både barne-, og vidaregåande skule har eg samtalar med mange ulike elevar i løpet av veka. I tillegg har eg ein god del undervisningstimar, om blant anna psykisk helse for 7. klassingar og pubertetsundersvisning i 5. klasse. Utover det blir eg tatt inn i ande delar av skulekvardagen etter behov.  I tillegg er eg også litt innom helsestasjonen. 

På kontoret
Namn: Stine Hamre (32)
Bustad: Skjold
Sivilstand: Gift, tre barn
Stilling: Helsesøster i Vindafjord kommune, nå i ei prosjektstilling som skulehelsesøster
Kor lenge i stillinga: Sidan 2013

Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen? 

- Kaffi. Eg var over 30 år før eg «blei vaksen» og starta drikka kaffi, og nå klarar eg meg ikkje utan.

Kva karakteriserer din arbeidsplass? 

- Engasjementet. Eg arbeider i eit team som verkeleg brenn for brukarane sine, og som alltid strekk seg litt lengre for å yta best mogleg hjelp. Det er ein veldig god gjeng.

Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb? 

- Det var nok første dagen min i skulehelsetenesta. Då eg starta var det allereie eit godt etablert tilbod ved helsesøstera eg tok over for. Men det var først då eg sjølv byrja i jobben at eg såg behovet for tenesta og skjønte kor viktig dette var for både born og vaksne.

Kva gjer du på når du har fri? 

- Det er stort sett travelt heime med ein aktiv familie. Men me prioriterer fjellet når me kan, og det blir mange turar til Haukeli, særleg på sommaren og hausten. Heldigvis har borna arva same interessa som foreldra, så dei pleier var gira på det. Både mannen min og eg likar å jakta, og sjølv om det er blitt sjeldnare med åra prøver me å komma oss ut på rype- eller reinsdyrjakt når me får sjans.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips