Unge leiande

Venstrehandsarbeid er eit framandord for bedriftsleiarar Jarle Ljosnes og Roar Knudsen: - Hald det du lovar, ha peiling, eller finn folk som har det.


Roar Knudsen og Jarle Ljosnes har begge frå ung alder utvikla lokale bedrifter; Knudsen blei kasta inn i familiebedrifta i ung alder og har leia dørfabrikken i Skånevik inn i den utfordrande tredje generasjonen.  Ljosnes har bygd opp eiga bedrift frå barnsbein av, med ei over gjennomsnittet høg IT-interesse som grunnlag. To unge bedriftsleiarar i ulike bransjar, og med ulike utgangspunkt, men likevel med fleire fellesnemnarar, erfaringar og prinsipp. 60 publikummarar fekk deira historie serverte på samlinga «Små bedrifter – Store verdiar» på Skakkesenteret 31.oktober. 

Roar Knusen blei brått kasta inn i leiinga av familiebedrifta som 22-åring. - Det var risikosport, og eg var nok ikkje kvalifisert til jobben på den tida. Eit råd til alle som ein gong vil stå ovanfor eit generasjonsskifte i bedrifta: Snakk om det, ikkje berre anta at neste generasjon er klar til å overta.


Knudsen blei i ung alder brått kasta inn i rolla som leiar i familiebedrifta Knudsen Dørfabrikk i Skånevik. 

- Bestefar min var framoverlent og gav gass, nokre gonger var det kanskje banken som haldt live i ting. Dei siste store investeringane gjorde han like før han døydde som 64-åring i 1988. Far min overtok, var makelaust god på å alltid gå i pluss, men var nok meir ein vedlikehaldar enn ein utviklar. Det var ikkje mange krumspringa og kvantespranga, men verksemda var stødig og gjekk bra. Som far sin «takka han for seg» i 2007, 54 år gammal. Det er slik generasjonsskifta føregår hjå oss. 

Då var Roar 22 år, og det blei brått hans tur å styra skuta. 

- Eg var nok ikkje kvalifisert til å driva ei produksjonsbedrift den gong. Det var risikosport. Familiebedrifter, gardsbruk, kongehus har det til felles; før eller seinare kjem det gjerne ein mindre god generasjon til å overta «butikken». Eit råd til dei som står ovanfor eit generasjonsskifte; snakk om det. Ikkje berre tenk at det er sjølvsagt at borna skal overta. Om ein ikkje er motivert til å driva ei bedrift er det daudfødt, seier Knudsen 

15 år med firmaattest 

Ljosnes sin historie er ein ganske annan. Ei over gjennomsnittet høg interesse for PC-ar var drivkrafta IT-selskapet hans. Som 7-åring fekk han sin første PC. I januar 1999 var JHL Dataservice ein realitet. Då var Ljosnes 15 år, og første forsøk på etablering blei først avslått grunna alderen. Søknaden gjennom på andre forsøk, denne gong med faren sin signatur. 

- Med firmaattesten følgde det ein faktura, og rett etter skulen kl. 14.00 gjekk eg i banken. Dama i skranken stussa nok litt på gutungen som bad om å få opna bedriftskonto og forklarte fint at då måtte eg ha firmaattest. Det var ganske kjekt for ein 15-åring å kunne dra attesten opp av ranselen og visa til at alt var på plass. Dermed var bedriftskontoen oppe og gjekk med 2500 kroner, fortel Ljosnes. 

15 år gammal hadde Jarle Ljosnes etablert eige firma. Og til trass for den unge alderen tok det ikkje lang tid før jobbane tikka inn til JHL Dataservice. - Så lenge du evnar å levere og viser vilje til å stå på bli du tatt på alvor, uansett alder. 

Utover det blei ikkje alderen ei utfordring. Om han var ung og ny i bransjen, blei han tatt på alvor. Det har vore avgjerande for utviklinga og er eit kjennemerke i distriktet, påpeikar Ljosnes. 

- Ein av dei som gjorde det mogleg for meg å utvikla selskapet i starten var Ragnar Byre i Klimax. Han gav meg all tillit frå dag ein. At dei gav meg moglegheita til å levera tenester i ein tideleg fase var viktig for satsinga på JHL som fulltidsjobb etter høgskulen. Så lenge du viser vilje til å stå på og evne til å levera, har ikkje alderen noko å seia, fortel Ljosnes. 

Klimax har i dag seks avdelingskontor i heile landet, og er framleis kunde. 

- Ingenting kjem gratis og eg har lagt ned mykje tid til å skaffe meg ny kunnskap undervegs i dei ulike IT-jobbane eg har hatt opp i gjennom. Heldigvis er eg nokså glad i å jobba og det hjelper godt på, seier Ljosnes. 

Rette folk på rett plass

Som ny leiar i dørfabrikken hadde Knudsen både opp- og nedturar i vente. Til trass for ein brå start, var det økonomiske utgangspunktet godt då han overtok. 

Rette folk på rett plass er utruleg viktig. Det er viktig å ha ein god miks av folk. Slik får me passe hissige diskusjonar, og det fungerer svært godt

- Det var null gjeld og pengar i banken. Det var ein god start samanlikna med kva mange andre opplever når dei overta. I 2007 og 2008 gjekk det berre oppover. Når kundane ringde var det kun eitt spørsmål: «kor snart kan de levera?». Finanskrisa kom ikkje til oss før i januar 2009. Like etter at næringsminister Trond Giske på TV hadde proklamert at krisa var over, slutta kundane å handla dører hjå oss. Omsetninga gjekk ned med 35 prosent. Åra etterpå blei det tatt fleire grep, for å kompensera for inntektstapet. Det aller viktigaste grepet var å få på plass tre eksterne personar i styret i 2011, og ta i bruk styret som eit aktivt organ i bedrifta. 

Åra etterpå blei det tatt fleire grep, for å kompensera for inntektstapet. Det aller viktigaste me gjorde var å få på plass tre eksterne personar i styret i 2011 – og faktisk ta i bruk styret som eit aktivt organ i bedrifta. I 2013 tilsette me produksjonsleiar, som var ei ny stilling i bedrifta. I 2015 fekk me på plass ein person til på tilbods- og ordrekontoret. 

- . Eg veit at eg er brukande til noko, og håplaus på andre ting. Me har nokre skikkelige gjennomførarar, andre som er sterkare på analyse. Poenget er å fylla ut der ein veit det manglar kompetanse. Det er viktig å ha ein god miks av folk. Slik får me passe hissige diskusjonar, og det fungerer svært godt. Me omsette for 25 millionar i fjor, og ventar eit godt resultat i år.

Vinn-vinn 

Medan Knudsen har bemanna opp i fleire avdelingar, består JHL i dag av Ljosnes sjølv og ein utviklar som arbeider frå India. I dag leverer Ljosnes IT-tenester til eit breitt spekter bedrifter; alt frå lokale einmannsføretak til selskap med milliardomsetning. Samarbeid med andre lokale aktørar har vore avgjerande, både for å kunna driva eiga bedrift men også for å utvikla nye produkt og tenester, seier han. 

 Fleksibilitet og fagkunnskap er alfa omega for å lukkast, og i denne bransjen går utviklinga brennfort. Difor er det avgjerande å halda takt med det som skjer og vera open for endringar. Eg brukar tida mi på det som gir meg noko, det eg interesserer meg for og som gir verdi til JHL. Eg spelar på lag meg folk som kan bidra på det eg sjølv ikkje kan.

- Eg har samarbeidd med Tor Magnar Kambe gjennom 15-16 år. Han har levert rekneskapstenester til meg og eg IT-tenester til han. Me fann tidleg ut at dette var ikkje berre eit leverandør-kunde forhold, men at me saman kunne utvikla nye tenester og produkt for andre. Me samarbeidde om ei løysing som blei seld til kraftselskap og er i full drift i dag. 

Ljosnes er klar på at samarebeid av dei berande faktorane for så lukkast som bedriftsleiar :

- Ein anna god samarbeidspartner er Oddvar Opstvedt, som eg kjøpte ein av mine første PC-ar frå. I teorien er me kanskje konkurrentar, men me fann raskt ut at det fungerer betre om me samarbeider, til dømes rundt ferieavløysing, der me steppar inn for kvarandre. For å kunne levera fleire løysningar, har eg også eit godt samarbeid med Assist Haugesund. Me har same filosofi: alle utfordringar som kjem inn dørene skal me finna løysingar på. Samarbeid er ein vinn-vinn-situasjonar for oss alle; både når det gjeld inntekter og kunnskap. 

Meir peiling 

 utifrå same tankegang. Knudsen arbeider utifrå same tankegang. 

- Me jobbar alltid for å forbetra oss, og leverandørane våre skal bidra til at me blir betre. Når me kjøper eit produkt, skal me kjøpa dette av nokon som verkeleg har peiling, veit kva me treng, som kan læra oss å bruka produkta og fortelja oss kva me må følgja med på framover. Leverandørane skal utnyttast, dei skal ha peiling, og me skal læra av dei slik at me blir betre, seier Knudsen. 

Både Knudsen og Ljosnes leier i dag to bedrifter i vekst, som står stødig ikkje berre lokalt, men med kundar i heile landet. Ingen av dei har grensesprengjande vyar, men ein grunnleggjande strategi om å skilja seg ut frå andre med høg kvalitet og aldri gå på akkord med servicen. 

- Målet har aldri vore å bli ei stor bedrift med mange tilsette. Målet har vore å levera gode tenester, har ein trygg jobb å gå til og klara å driva butikk, seier Ljosnes. 

For Knudsen betyr det fleire folk med peiling. 

- Me skal effektivisera produksjonen, tilboda og ordrane, men skal aldri effektivisera bort god service. Ambisjonen nå er å laga eit budsjett for neste år som viser at det er rom for ein person til på tilbod- og ordresida 

 - I vår bransje er det to-tre store som dominerer. Mange fordeler med å vera stor. Om me som lita lokaleigd bedrift, kun blir ein mindre versjon av dei bransjekjempene, har me tapt. Difor må me vera noko anna enn det. Når du ringjer Knudsen Dørfabrikk for å handla møter du ein i andre enden som har vore tømrar i 15 år, jobba i produksjonen i 10 år, og drive med ordrar i åtte år. Det er få som har så mykje peiling som han. Han sit ikkje berre med oversikt over produktnummer. Ein må byggja opp desse folka slik at dei får peiling. Det er på den måten me kan skilja oss ut, meiner Knudsen.


Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips