Tar sjøvegen på  bedrift-sightseeing

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen får oppleva «den gyldne mil» langs sjøvegen når han kjem til Vindafjord i morgon.


Torbjørn Røe Isaksen set kursen mot Vindafjord i morgon. Då blir det bedriftssightseeing langs fjordstripa i Ølensvåg. Foto:  Nærings- og fiskeridepartementet

Medvind24 Næringshage er vertskap for besøket og ønsker velkommen om bord når næringsministeren kjem til Vindafjord. Deretter skal Isaksen bli betre kjend med blant anna Ølen Betong, Westcon, Arriva og Berge Sag – frå sjøsida. 

- Det er nærast ei luksusproblem å oppsummera det omfangsrike næringslivet i Vindafjord berre eit par timar; Me har så enormt mykje å by på av spanande bedrifter, og fann difor ut at ein båttur langs «den gyldne mil» i Ølensfjorden, med start på Omega og avslutning på Fatland, var beste måten å visa fram ei av fleire næringsklynger i kommunen, seier dagleg leiar i næringshagen, Merete Vårvik Matre. 

Turen til Vindafjord er eit av fleire besøk næringsministeren skal ha til norske industribedrifter over heile landet denne hausten. Isaksen er særleg opptatt av industrien si satsing på teknologi og digitalisering.

- Utviklinga av ny teknologi og auka digitalisering skjer i ei veldig rask fart. Ei utfordring for norske industribedrifter er å halde følge med utviklinga, slik at dei ikkje blir konkurrert ut og går ut på dato. Eg vil høyre om utfordringane til industrien, og korleis vi kan jobbe saman for å løyse dei. Dette er viktig for norske arbeidsplassar og for ein berekraftig velferdsstat, seier Isaksen. 

Eit av Isaksen sine fokusområde på bedriftsbesøka er næringslivet si omstilling til nye marknadar etter nedgangen i oljeprisen dei siste åra. 

- Omstilling til nye marknader, og bruk av eksisterande teknologi til nye føremål er viktig for konkurransekrafta til norske bedrifter. Eg gler meg til å få høyre meir om kva næringslivet i Ølen og Ølensvåg gjer for å sikre langsiktig konkurransekraft og arbeidsplassar, seier Isaksen. 

Etter besøket i Vindafjord drar næringsministeren til Odda for besøk hjå Boliden og Tizir. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips