Til sals! 

På jakt etter ein sentrumsnær eigedom, eller gira på å utvikla noko i Ølen sentrum? Vindafjord kommune legg nå ut tre større, sentrale kommunale eigedomar for sal. 


Revehall-tomta, det gamle kommunehuset og brannstasjonen i Ølen kjem snart på marknaden. 

Kommunen har sett meklar på saka og eigedomane vil truleg bli lagt ut for sal i løpet av august. 


- Me brukar i dag bygga på to av desse eigedommane, men i løpet av 2018 flyttar me  ut av desse, og ønskjer selja tomtene med bygga slik dei står. Dette er flotte og sentrumsnære eigedommar der me ønskjer at nokon skal skapa aktivitet og utvikla attraktive bu- eller næringstilbod, seier samfunnsutviklar i Vindafjord kommune, Erik Baust. 

Det gamle kommunehuset er i dag nytta av kulturskulen, som vil flytta inn i det nye kultur- og læringssenteret når det står ferdig, etter planen i løpet av hausten 2018. 

Brannstasjonen vil også vera i bruk fram til ny stasjon står klar våren 2018. Den gamle livdyrfjosen blir i dag leigd ut til lag og foreiningar, men blir også seld med som del av eigedommen. 

Revehall-tomta står klar for sal slik den er i dag. 

- Det har vore mange idear om korleis revehalltomta kan brukast, og fleire har vist interesse for å utvikla noko her, utan at det har ført fram til nå. Men me ser for oss at det her kunne vore aktuelt med ein type kombibygg, gjerne med næring på bakkeplan og bustader i etasjane over, seier Baust. 

Det kjem likevel ikkje til å bli lagt noko føringar for salet av eigedommane, det viktigaste er at det blir skapt aktivitet og utvikla attraktive område i Ølen sentrum. 

- Alle desse eigedommane er regulerte for sentrumsføremål, det vil sei anten sentrumsnære bustadbygg eller næringsverksemd. Me har tidlegare blitt kontakta av interessentar både når det gjeld revehalltomta og brannstasjonen, og trur det vil vera spanande moglegheiter for dei som ønskjer å bidra til eit endå meir levande sentrum ved bruk av desse eigedommane, seier Baust.

Folk i vinden
Fem i farten

Sommarvikarar må til mange stader for at dei som jobbar fast skal få ferie. Her er eit knippe sommarvikarar i Vindafjord.

Thomas har hatt sommarjobb hos Berge Sag sidan han var 16, og han er ein av tre vikarar på lageret. - Vi hjelper kundar og gjer klar bestillingar. Det er mest større bestillingar som går ut herfrå til snikkarar og byggeprosjekt, seier Thomas, som også jobbar på lageret i andre feriar. Han har gått tre år på Haugesund Toppidrettsgymnas, og vil studera og jobba frå hausten.
Einar er ein av 21 sommarvikarar. Han starta i jobben 2. mai og skal jobba til 11. august. - Å få sommarjobb i Haugesund er ikkje lett, så eg er glad for å jobba her og bu hos farmor. I dag spenner eg opp selskinn til tørking. Elles legg eg skinn i maskiner, sliper, handkardar og er i våtavdelinga og skjærer vekk fett, seier Einar, som byrjar på vidare utdanning i Oslo som personleg trenar i august.
Solfrid Marie har alt fire års fartstid på bensinstasjonen, og jobbar også kveldar og helger ellers i året. No er det full jobb heile sommaren. - Det er ein kjekk og variert jobb med mange trivelige kundar. Vi lagar det meste av maten, sel oljer og anna til bilen, ryddar og fyller på i hyllene, seier Solfrid Marie, som skal ta seg eit friår etter vidaregåande.
Er ein av fem sommarvikarar i butikken. Ho trivst så godt at ho ikkje har tenkt å ta ferie. - Eg jobbar tre til fem dagar i veka og skal jobba til uti august. Det er nok å gjera på, og dagane går fort. Eg sit mellom anna i kassa, hjelper kunder, fyller på i hyllene og ryddar i butikken, seier Elise. Til hausten held ho fram med lærarstudiar på Stord.
Når Medvind24 stikk innom, har Andreas det travelt med mykje forskjellig i resepsjonen. De første dagane av fellesferien er det her det er mest trong for hjelp. - Når eg er ferdig her, skal eg kjøra truck i to og ei halv veke, seier Andreas. Han var ferdig med VG2 service og samferdsel til sommaren og skal ta påbygg på Lundaneset vgs til hausten.

Tips oss!

Nytt om navn

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send epost
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send epost