- Me treng fleire som dykk

- Vindafjord er eksempelet på at ein ikkje treng utanlandske investorar eller hovudkontor i ein storby for å driva global forretning. Mykje meir av den politiske næringslivsdebatten burde handla om nettopp det som skjer her. 

 …og ikkje om nokre får profilerte personar i Oslo-gryta som også betaler formueskatt. Det er lokale bedriftseigarar som dykk me vil ha fleire av. 

Torbjørn Røe Isaksen fekk eit lynkurs i lokalt eigarskap etter Vindafjord-modellen då han starta haustens industriturnè i Ølensvåg tysdag.

Medvind24 Næringshage var vertskap då Isaksen saman med Høgres bedriftskanal tok tempen på det lokale næringslivet. 

Omega, Berge Sag, Ølen Betong, Westcon og Fatland serverte historiar om opp- og nedturar, omstilling og nytenking, og ikkje minst om formueskatt og patriotisk kapital. 

- I den store diskusjonen om næringsutvikling i Noreg burde fleire vore klar over at alle som driv butikk i Noreg har tilknyting til ein stad og eit nærmiljø, der dei kan ha stor innverknad. Vindafjord er eit så godt eksempel på det. Sjølvsagt er det bra om utanlandske krefter vil investera her til lands, men mest av alt ønskjer me oss så mange lokale eigarar som mogleg. Dermed er sjansen større for at bedriftseigarane puttar pengar i nærområdet og ikkje minst bidrar til verdiskapinga i heile landet, seier Isaksen.

Omstilling og snuoperasjon

"Nedturen og starten på oppturen". Kjell Tore Helgeland gav Isaksen Omega-oppskrifta på omstilling etter oljekrisa råka bedrifta i 2015. 


Omega, Berge Sag, Ølen Betong, Westcon og Fatland serverte historiar om opp- og nedturar, omstilling og nytenking. Eit av Isaksen sine fokusområde på industribesøka i Noreg denne hausten er bedriftene si omstilling til nye marknadar og bruk av eksisterande teknologi til nye føremål. 

Slik sett kunne ikkje turnèen ha starta på eit betre plass enn hjå Omega, som har gjennomført ein betydeleg snuoperasjon i kjølvatnetn av oljekrisa. 

- Me måtte ha fleire bein å stå på, retta oss inn mot bygg og anlegg, og heiv oss på Oslo kommune sitt prosjekt retta mot kontroll av leverandørar på byggeprosjekt, fortel Kjell Tore Helgeland i Omega. 

- Omega har vidareutvikla PIMS-produktet frå å vera retta mot olje- og gasskundar, til å bli tilpassa bygg og anlegg. Olje- og gassindustrien har lege langt framme når det gjeld blant anna prosjektstyring, kostnadskontroll, kvalitetskontroll. Dette er ekspertise me har bygd opp selskapet på gjennom 30 år, og noko me nå har tilpassa til bygg- og anleggsbransjen. I dag er me inne hjå ei rekkje store aktørar, som Oslo kommune, Statsbygg og Sykehusbygg, seier Helgeland. 

Investeringar i motbakke 

Ein av dei større utfordringane for Omega i omstillingsperioden var investeringane i nye satsingsområde. 

- Utfordringa blei formueskatten. I gode tider er ikkje det eit problem, då har me kapitalomløp til å handtera slike investeringar. Men når tidene er i mot oss, blir dette smertefullt. Me betaler gledeleg skatt, men skattemodellen må spegla innteninga i bedriftene. Eigarane våre er lokale og genuint opptekne av vidareutvikling av selskapet. Men investering i nye satsingar i motgangstider er ei krevjande øving, påpeika Helgeland.

Lokalt eigarskap følgde besøket vidare på fjordsightseeinga, langs Berge Sag, Ølen Betong, Westcon og Arriva Shipping. Det same gjorde også diskusjonen om krevjande investeringar.  

2018 er eit mellomår for Ølen Betong. - Fleire store prosjekt, som blant anna Rogfast, er blitt utsette, og det kjenner me konsekvensane av, seier Eiolf  Berge i Ølen Betong. 

1.januar blei Ølen Betong del av ei større gruppering, då selskapet gjekk saman med Kongsvinger Gruppen og etablerte Nordic Concrete Group. Selskapet har framleis 100 prosent norsk eigarskap, med 15 fabrikkar over heile landet, og stadig nye etableringar. 

- Investeringar for selskapet i år som dette, er utfordrande, seier Eiolf Berge frå Ølen Betong: 

- 2018 er eit mellomår for oss. Me har god aktivitet, men kjenner på konsekvensane av at store prosjekt blir utsette, som til dømes Rogfast. Å driva eit selskap med norsk eigarskap kan vera utfordrande i år som dette, der aktiviteten ikkje er like høg som i toppåra. Anten må ein vera liten og driva i det små, eller vera av ein så omfattande størrelse at ein har musklar til å levera til dei store. Det krev mykje av oss, og me må investera heile vegen, sa Berge.. 

Bodskapen er langt frå ukjend for Isaksen. 

- Alle bedrifteeigarar eg møter seier at me vil gjerne betala skatt, dei vil alle gjerne bidra til å byggja ut vegar og flyplassar. Utanlandske aktørar kjøper opp bedrifter i Noreg og betalar null i formueskatt, medan dei norske må punga ut i store summar. Diverre opplever mange norske eigarar av bedriftene blir verdt mykje før ein faktisk klarer å tena pengar på dei. 

- Styrk yrkesfaga! 

Omstilling til nye marknadar og ikkje minst det grøne skiftet kom igjen på agendaen då båten la til utanfor Westcon Yards. Administrerande direktør Øystein Matre losa ministeren gjennom verftet si utvikling frå den spede start, gjennom utviding, oljekriser og nå til auka fokus på nye marknadar. 

- Yrkesfaga må styrkast. Dei er avgjerande for industribedrifter som oss, meiner Øystein Matre ved Westcon Yards.  

- Me har hatt over 100 riggar inne på verftet sidan 94. Dei gamle riggane ligg i opplag, dei nye riggane har ikkje same behovet for opprusting som dei gamle. I tillegg har også arbeidet «flytta» seg: Meir kan gjerast offshore. Gamle riggar hadde kun sengekapasitet til drifta, og ikkje til vedlikehald og ombyggingar. Nå blir det gjort meir om bord medan riggen er i drift. Det var utenkeleg på dei gamle riggane. Ting endrar seg, og me må omstilla oss heile vegen, fortel Matre. 

Han legg også vekt på andre deler av konsernet som har tilpassa seg nye behov innan andre marknadar. 

- Me har eit svært bra elektrosystemmiljø som leverer batteriløysingar til skip, og som kanskje er ein av dei fremste i Noreg på dette. Me har fleire båtar som skal byggjast om til hybriddrift med batteripakkar frå hausten av. Denne satsinga kan gi mykje arbeid til verftet, og er ein viktig del for oss. Stadig fleire ser på miljøgunstige løysingar for ferjer og supplyskip. På sikt vil nok mekanikarane i maskinromma på båtane etter kvart bli erstatta med elektroingeniøren, seier Matre. 

Han avslutta Westcon-innlegget med å slå eit slag for yrkesfagleg utdanning som heilt avgjerande for utviklinga i industribedriftene. 

- Tilsette med yrkesfagleg kompetanse er alfa og omega for oss. Eg møtte nyleg ein grunder innan subsea, som hadde tatt mekanikarutdanning, før han deretter studerte vidare til å bli ingeniør. Den yrkesfaglege bakgrunnen hans var heilt avgjerande for innovasjonen som han nå har lukkast med. Erfaringa og kunnskapen ein får gjennom yrkesutdanning er knallviktig, og statusen for desse utdanningane må styrkast. 

Tidlegare kunnskapsminister Isaksen påpeika at i 2018 var det faktisk mest like mange som valde yrkesfag som studiespesialiserande. 

- Akkurat dette er det brukt mykje tid på, og utviklinga går i retning av større søknad mot yrkesfag. Dette er framleis noko me må jobba med, og ein må berre halda trykket oppe på å styrka fagskulane. Etter ein svipptur inn til kaien ved Arriva Shipping, venta trailertur med Hustvedt og Skeie i Ølen, før siste rundtur hjå Fatland. 

På knapt tre timar fekk statsråden dermed audiens hjå sju ulike, lokaleigde bedrifter, der eigarar sjølve framleis er del av den daglege drifta. 

- Det er tydeleg at her er det generasjonsbedrifter som er bygd opp av folk som har vore vande med å utvikla noko sjølv. Ein har ikkje hatt ein fabrikk som har halde «alle» i arbeid, men her har ein sett behovet og betydninga av å starta noko sjølv, og dermed bygd opp ein heilt annan eigarskap både til bedrifta og staden. Denne rundturen er eit godt døme på kor viktig det er med norske og lokale eigarar. Hadde det vore utanlandske eigarar bak bedriftene her i fjorden, ville nok historiene eg har høyrt i dag vore ganske annleis. 

Glimt frå Tour des Gylne Mil



Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips