Filter blir Omega Design 

Filter design & kommunikasjon har flytta inn under same tak som Omega, og nå tar også kommunikasjonsbedrifta same namn som morselskapet. 

Nytt kontor og nytt namn. På eit par veker har Fdenne gjengen flytta frå Medvind til Omega, og endra namn frå Filter design & kommunikasjon til Omega Design. Frå venstre: Christine Rødne Brataas, Frode Bødtker, Irene Landa, Maria Djuve Vågen, Judith Sørhus Litlehamar, Kristian Vedå Skålnes, Erich Monteiro, Astrid Eidhammer Hjelmeland, Marianne Ågotnes og Terje Hodne.


Omega AS overtok alle aksjar i Filter Design og kommunikasjon i 2015. Filter har sidan hatt hovudkontor i Medvind-bygget i Ølensvåg. Nyleg flytta kommunikasjonsbedrifta inn i Omega sitt nybygg, og i dag får Filter nytt namn: 

- Omega Design skal framleis levera dei same tenestene til både nåverande og nye kundar, men me vil knyta oss endå tettare opp til morselskapet, seier dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland. 

- Med namneendringa ønskjer me å tydeleggjer kven me er, kva me tilbyr og kva konsern me er del av. Omega er ei kjend merkevare og eit selskap med stor fagleg tyngde på mange område. Det er ein styrke for oss å signalisera overfor marknaden at me er ein del av dette konsernet, seier Hjelmeland. 

Styreleiar i Omega, Sigmund Lunde, meiner Omega Design vil stå sterkare med nytt namn og nye lokalitetar. 

- Dette er eit naturleg steg å ta. Det ligg mykje verdi i å signalisera tilhøyrsla til Omega, eit selskap som har større pondus og musklar til å satsa på ei sterk og framtidsretta utvikling i dotterselskapa sine, seier Lunde. 

Omega Design leverer tenester til eit breitt spekter kundar på Haugalandet og i Ryfylke, inkludert til eigarselskapet Omega. 

- Sjølv om Filter no er blitt Omega Design, vil dei framleis oppretthalda tenestetilbodet sitt til kundar i heile regionen. Ved å flytta inn i Omega-bygget vil dei også komme endå tettare på morselskapet reint fysisk, noko som også kan bidra til endå tettare samarbeid på tvers av selskapa i konsernet, seier Lunde. 

Omega Design tilbyr grafisk design, utvikling av nettsider, magasinproduksjon, marknadsføring via sosiale medium, og kommunikasjonstenester. 

Selskapet har hovudkontor i Ølensvåg, og avdelingskontor på Sand og i Sauda. Omega Design held fram som før med til saman sju årsverk i tillegg til ein lærling og praktikant.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips