Har tatt næringspulsen på Ryfylke i fem år 

Sidan 2013 har opptil 13.000 lesarar fått eit innblikk i kva som lear seg i næringslivet i seks Ryfylke-kommunar. 


Filter design & kommunikasjon si magasinsatsing starta med Mitt Ryfylke, og fem år seinare leverer dei framleis næringslivsreportasjar frå alle Ryfylke-kommunar. Bak frå venstre: Frode Bødtker, Erich Monteiro De Vasconcelos og Christine Rødne Brataas. Framme frå venstre: Judith Sørhus Litlehamar, MAria Djuve Vågen og Astrid Eidhammer Hjelmeland. 

Frå kveitehøvdingen Magnus Skretting i Hjelmeland, smelteverket i Sauda og Fonnafly til skodespelar Ellen Dorrit Pedersen, Hjelmelandsferja, leiketøysprodusenten på Talgje og selskapsdrivhuset Alchemilla på Rennesøy. 

I fem år har magasinet Mitt Ryfylke gitt lesarar i eit stort omland glimt av smått og stort i Ryfylke-kommunane sitt næringsliv. Med utgåve nr. 16 markerer Filter design & kommunikasjon femårsjubileum med næringsmagasinet. 

- Mitt Ryfylke speglar det allsidige næringslivet og pulsen i kommunane. Målet er å vera tett på og «on location» slik at lesarane verkeleg blir kjende med folka og aktiviteten i regionen, seier Astrid Eidhammer Hjelmeland og Judith Sørhus Litlehamar i Filter design & kommunikasjon. 

Tilpassa marknaden 

- Det finnest så enormt mange gode og imponerande historiar der ute, og desse vil me fortelja til heile regionen gjennom gode bilete og levande tekstar. Målsetjinga er å aldri gå på akkord med kvaliteten, og slik har me også skapt ein av dei tydelegaste kanalane for det som skjer i regionen, seier Hjelmeland. 

Profilmagasinet Mitt Ryfylke blei initiert av Filter design & kommunikasjon i 2007 med Ryfylkealliansen som støttespelar. Magasinet var ein del av eit merkevareprosjekt starta av Ryfylke IKS i 2007. Magasinet har sidan oppstarten vore finansiert via annonsesal Magasinet har hatt opplag frå 9000 - 13.000, og er distribuert i seks kommunar. 

- Me har tilpassa utgåvene og distribusjonen til marknaden, og satsar dette året på tre temautgåver, kvart for to kommunar: Det første for Sauda og Suldal, deretter Strand og Forsand, og til slutt Hjelmeland og Finnøy, seier Hjelmeland.  

Filter design & kommunikasjon er etablerte i Ølensvåg med avdelingskontor på Sand. Byrået leverer kommunikasjonstenester for både digitale og trykte flater, og etter magasinsatsinga Mitt Ryfylke i 2013 har Filter produsert trykte magasin for ei rekkje større kundar, som til dømes Westcon, Etnemarknaden, Røldalsmarknaden, Suldal Elverk og Fikse Næringsutvikling. 

Papir lever framleis i beste velgåande 

Samstundes som Mitt Ryfylke blir publisert digitalt, er trykte magasin framleis kjærkomne for lesarane, meiner Filter-gjengen. Difor satsar også Filter på endå fleire år med Ryfylke-puls på trykk. 

- I ei verd med kjappe nyheiter, ser lesarane fram til reportasjar med lengre levetid på papir. Magasina me lagar skal vera av høg kvalitet, både tekst og bilete, og Mitt Ryfylke er eit døme på at godt stoff i trykte media framleis står seg, seier Litlehamar.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips