Starta eiga bedrift av fotolidenskapen 

- Draumekundane er bedrifter som tar bilde på alvor, og som forstår betydninga av gode bilde som marknadsføring, seier Kjersti Lunde Kambe. 


- Det er viktigare enn nokon gong å vera synleg i alle kanalar. Med rett bruk av bilete, om det er på nettsider, sosiale medier eller på trykk, kan ein nå langt, meiner Kambe. 


 - Gode bilete, om det er på nett eller på trykk, kan vera det som skal til for å styrka ei merkevare, men då må det vera dei rette bileta; personlege, unike og skreddarsydde for bedrifta. Dette er det mange som treng profesjonell hjelp til, meiner Kjersti Lunde Kambe. 

Og det er nettopp denne hjelpa ho tilbyr. På loftet i Sandeid, har ho rigga seg til med heimekontor, og sett draumen ut i livet. Nå satsar ho på ein karriere som bedriftsfotograf gjennom eige føretak; Istoria

Næringshagebedrift

- Smarte bedrifter legg ressursar i å vera synlege. Me lev i ei verd der me kommuniserer meir visuelt enn me har gjort nokon gong. Me oppfattar bilete fortare enn tekst, me hugsar bilete betre, og dei gir eit sterkare førsteinntrykk enn tekst. Uansett kva bransje ein driv i, er bileta avgjerande i marknadsføringa. 

- Bilete som fangar

Istoria si målgruppe er næringslivskundar; bedrifter som vil styrka marknadsføringa si med bilete og visuell historieforteljing, om det er i produktkatalogar, annonser, på nettsider eller i sosiale media. Dersom ein vil byggja ei sterk og unik merkevare, må ein bruka den krafta som ligg i særeigne og kreative bilete, meiner Kambe:

- Bilete skapar identitet, interesse og engasjement. Klikk deg inn på kva som helst nettside, og du oppdagar fort om du bli verande eller ikkje. Og der du blir verande, er det hovudsakleg bileta som får deg til å bli. Dette kan igjen føra til auka sal, fortel ho. 

Gjennom Istoria leverer ho bilda som ikkje berre styrkar merkevara, men også fortel noko om bedrifta, produktet eller tenesta. I tillegg til å fotografera, bidrar ho til å utarbeida kva visuelt uttrykk som passar kvar og ein kunde.

- Me møter alle på skrikande reklameplakatar eller teksttunge nettsider kvar einaste dag. Gjennom gode foto kan ein formidla så mykje meir, og dermed fanga kundar og publikum si interesse på ein heilt annan måte enn ord. Folk likar ei god historie, og bilete er historieforteljing. Gode foto kan fortelja den historia du ikkje får fram gjennom tekst. Slik  kan bedrifter formidla ein bodskap, ei kjensle og den stemninga bedriftene  til kundane sine, seier ho. 

- Det er viktigare enn nokon gong å vera synleg i alle kanalar, og ikkje minst bli lagt merke til i mylderet av marknadsføring som me møter på alle flater. Istoria skal levera dei visuelle historiene som får bedrifta, produktet eller tenesta til å skilja seg ut i mengda. Då er det viktig at ein tidleg i prosessen tenkjer gjennom kva ein vil formidla. Ein må finna ut korleis bedrifta og produktet skal framstå, om det er ei særskild historie eller eigenskap ein vil løfta fram. Dette er ein del av det Istoria kan å vera med på å utarbeida, seier Kambe, som også tilbyr litt gratis opplæring i visuell historieforteljing på nettsidene sine.

Livslang foto-interesse

- Eg går med mange planar for bedrifta mi, blant anna har eg ein draum om å byggja eit studio i hagen, seier Kambe. Men først skal ho i gang med fleire fotojobbar for nye kundar i haust.  

Ho var berre ti år gammal då ho fekk sitt første kamera og har sidan vore over gjennomsnittet engasjert hobbyfotograf. Likevel tok ho ein helsefagleg yrkesveg, før ho i 2016 realiserte draumen og etablerte eige selskap som fotograf. Vinteren 2017 sa ho opp fast jobb for å konsentrera seg om å byggja opp fotofirmaet sitt. 

- Eg er utdanna vernepleiar, og har arbeidd i helsesektoren heile livet. Likevel har fotofaget alltid vore viktig for meg å jobba med, heilt sidan eg fekk testa det ut på alvor med foto i valfag på ungdomsskulen. Det var stort å få fotografera og jobba i mørkerom som del av pensum, ler Kambe. 

Dei siste åra har ho førebudd seg på å driva eige selskap, mellom anna gjennom etablerarkurs. Det var også slik ho fann «sitt» uttrykk og ikkje minst kundegruppa ho ville satsa på . 

- Eg måtte «nisja meg ned», og finna eit spesifikt satsingsområde. Det er mange fotografar som satsar på portrett- eller reportasjebilete. For meg blei blei det visuell historieforteljing for bedriftskundar, seier Kambe. 

Satsar på heile landet

Kambe har allereie hatt jobbar for ei rekkje kundar lokalt, som Ølen Tannhelse og Askeland naprapati og helse. I tillegg kjem også fleire kundar utanfor distriktet, som blant anna Arctic Coffee, Kåre Besseberg, Nils Sund og Synleg

Istoria arbeider med kundane via digitale samarbeidsplattformar, som gjer det det mogleg å enkelt kommunisera og utarbeida bileta frå Sandeid i samarbeid med kundar kor som helst. 

Fleire nye og spanande prosjekt  står for tur.

- Til hausten startar eg opp med fleire nye prosjekt for kundar over heile landet. Eg har opparbeidd meg eit stort kontaktnett rundt omkring i Noreg, der eg har fått ein «fot inanfor» fleire bedrifter som nå satsar strategisk på strategisk bruk av bilete i marknadsføringa si. Med somme av desse får eg moglegheita til å vera med på å byggja opp bedrifta sitt visuelle uttrykk frå starten av, og ta dei bileta som gjer produkta gjenkjennelege der ute, fortel Kambe.


Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips