Har du skog, har Vestskog kunnskap 

Vestskog er skogeigarlaget for Vestlandet, og på kontoret i Ølen får du hjelp til det meste. Frå planlegging og hogst til sal og transport av tømmer. Terskelen for å ta kontakt er låg, og ingen spørsmål er for dumme. 

Inga Ø. Apeland, Frode Kloster og Njål Søndenå i sitt rette element. Alle foto: Ellen Marie Hagevik

Det starta for meir enn 75 år sidan med Rogaland Skogeigarlag og kontor i Vikedal. Og i motsetning til fylka, såg skogeigarlaga fordelane med å slå heile regionen saman. Først blei Rogaland og Hordaland fusjonerte og namnet endra til Vestskog. I 2015 kom også Sogn og Fjordane med, og vestlandsregionen var komplett med 29 tilsette fordelt på ni område. 

Vestskog har hatt kontor i Ølen sidan oppstarten av Landbrukets Hus. Hovudområda er skog, skogsdrift, tømmer og tømmertransport. Transport- og logistikkleiar Inga Ø. Apeland har lengst fartstid og har vore tilsett sidan 1999. 

Meir enn gjennomsnittleg interesserte i skog 

- Eg skuldar på far min sin drog meg med i skogen frå eg var fem-seks år gammal. Eg er utdanna agronom, og då eg byrja i Rogaland Skogeigarlag starta eg karrieren her med eit kurs for kvinner i skogbruket. Då transportbiten av jobben blei ledig, nytta eg sjansen til å ta skogfag ved skogskulen i Kongsberg som privatist, seier Apeland. 

Kort om Vestskog

  • Vestskog er eit andelslag med 2715 medlemmer i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. I 2017 var det 1015 leverandørar til skogsamvirket, som auka sin marknadsandel frå 64 prosent i 2016 til 72 prosent i 2017.
  • Har 29 tilsette, og tre av desse har kontor i Landbrukets hus i Ølen: Inga Ø. Apeland, transport- og logistikkleiar, Njål Søndenå, skogbruksleiar Nord-Rogaland og Frode Kloster, skogbruksleiar Sunnhordland.
  • Vestskog hadde rekordomsetnad av tømmer i 2017, og hadde totalt salsinntekter på knappe 319 millionar kroner. Gran er desidert størst og sto for heile 78,9 prosent av volumet med 337.618 kubikkmeter.
  • Du må ikkje vera medlem for å kunna nytta deg av Vestskog sine tenester, men medlemmer får betre prisar på tømmeret.
  • Dette kan Vestskog hjelpa deg med: hogst, skogtakst, tømmeromsetnad, ungskogpleie og planting, skogrådgjeving og utmark.
  • Meir info finn du på vestskog.no

Njål Søndenå er utdanna tømrar og har vore over gjennomsnittet interessert i skog i mange år. 

- Eg har drive aktivt skogbruk og jobba i skogen, med alt frå motorsag til hogstmaskiner. For fire år sidan blei det vegen inn i Vestskog, seier Søndenå, som er skogbruksleiar for Nord-Rogaland. 

Frode Kloster er tredjemann og vart tilsett som skogbruksleiar for Sunnhordland for eit år sidan. 

- Eg er utdanna agronom og anleggsmaskinkøyrar. Eg har vore i anleggsbransjen ein del år, og dei siste 10 år har eg jobba mest som anleggsgartnar og trepleiar før eg kom til Vestskog, seier Kloster. 

Tilbyr rådgjeving og planlegging 

Å driva med skog er eit langsiktig prosjekt der det ein plantar blir hausta 60-70 år seinare. Men skogen er som ein åker, den må stellast og haldast ved like. Her kjem den breie kunnskapen til Vestskog inn, og det dei tilsette på Ølen-kontoret ikkje kan hjelpa med, er det andre som har kompetanse på. 

- Innan skogsdrift tilbyr vi rådgjeving og planlegging av drift, hogst, planting og skogpleie. Og vi er den primære skogeigarkontakten, seier Søndenå. 

- Kva gjer eg dersom eg har teke over ein gard med skog og ikkje har peiling på skogsdrift? 

Nyplanta gran på Stråtveit.

- Då ringer du Vestskog, og så tar vi ei synfafing der vi ser om det er noko som er hogstmodent. Om det er det, gir vi eit pristilbod på utføring av hogst. Etter kontraktsinngåing, blir det hogst og eventuelt planting, seier Søndenå. 

Skogbruksplan og planting 

Er du skogeigar, er du lovpålagt å forynga skogen etter at du har tatt ut tømmer. Det betyr at hogstområdet må ryddast og nye planter setjast ned. Her kan Vestskog både gje råd, planleggja og sørga for kompetent arbeidskraft til planting

Hovudregelen er at du har foryngelsesplikt, men det finnest unntak. Det er til dømes omdisponering til tomter eller beite. 

Er du skogeigar må du også ha ein skogbruksplan med miljøregistrering, såkalla MIS-registrering, for å få lov til å ta ut skogen. Den kan Vestskog hjelpa deg med. Du kan få laga ein skogbruksplan på eiga hand, men då du sjølv sørga for ein gjennomgang av eigedommen med biolog for å få registrert om det er ting ein må ta omsyn til. 

- Handheving av regelverket og skogbrukslovgjevinga har blitt innskjerpa dei siste åra i høve til miljøsertifisering og langsiktig forvaltning av skogen. Ein skogbruksplan er ein ressurs- og driftsplan for skogeigedommen der du får oversikt over kva verdiar du har og kva som bør gjerast. Noko bør kanskje omdisponerast, noko bør du kanskje ikkje gjera noko med, og kanskje bør du skifta treslag, seier Kloster. 

Næringspolitisk arbeid 

Vestskog er størst på tømmeromsetning på Vestlandet, og logistikk og transport er ein viktig del av det Vestskog tilbyr. Vestlandet har ein stor fordel med kystlinje og miljøvennleg transport på båt, men kaiar og vegar er ei utfordring. I januar i fjor opna nye Søndenåneset kai etter omfattande oppgradering

Tømmerkaien på Søndenåneset er oppgradert for 10 millionar kroner.

- Sjåførane er veldig nøgde med den nye kaien og seier det er ein av dei beste kaiane i Nord-Rogaland. No skal vi bygga ny kai i Egersund. Og Sauda har fått midlar til oppgradering av kai, så det er vi kjempenøgde med, seier Apeland. Dårlege vegar er ei minst like stor utfordring som dårlege kaiar. 

I Vestskog sitt område finn ein 20 prosent av fylkeskommunale vegar i Noreg, og heile 80 prosent av fylkeskommunale vegar med vekt- og lengdeavgrensning. 

- At vi har landets dårlegaste vegar for tømmertransport gjer at transporten blir mindre effektiv. Som ein del av Vestskog sin service til skogeigarane, jobbar vi kontinuerleg politisk og opp mot Statens vegvesen, fylkeskommunar og kommunar for å få utbetra vegar og gjera tiltak for å få vegane opp til vogntogstandard. Arbeidet med skogsbilvegar, velteplassar og anna knytt til drift er også viktig næringspolitisk arbeid, seier Apeland. 

Ingen spørsmål er for dumme 

Ein del av kontoret sitt arbeid er å få ut informasjon til skogeigarane, og det blir mellom anna gjort på skogdagar som har ulike tema som klimaskogprosjektet, tilskotsordningar og drift i bratt terreng

- Kven som helst kan vera med på skogdagane, og kven som helst kan ta kontakt med oss. Det er berre å stikka innom, ta ein telefon eller kontakta oss på mail. Kontaktinformasjonen finn ein på vestskog.no. Vi er her for hjelpa, anten det er Stople-familien som har jobba med dette i generasjonar eller skogeigaren som ikkje veit forskjellen på skur og slip og er heilt på null. Ein må ikkje vera medlem for å nytta seg av tenestene våre, og ingen spørsmål er for dumme, seier Apeland.

Kort om landbruket i Vindafjord

  • Vindafjord kommune er ein av dei største husdyrkommunane i landet og ein av dei to største skogbrukskommunane i Rogaland. 
  • Heile 36,3 prosent, eller 217.611 dekar, av landarealet på 621 kvadratkilometer er produktivt skogareal. 
  • 43.574 dekar (7,3 prosent) av landarealet er dyrka jord, 2189 dekar (4 prosent) er overflatedyrka jord og 36.145 dekar (6,0 prosent) er gjødsla beite. 
  • I jordbruket er mjølk og kjøttproduksjon dominerande, og på det meste av landarealet blir det dyrka grovfôr.


Landbrukets Hus i Ølen

I fleire saker vil Medvind24 presentera kva dette allsidige kontorfelles-skapet kan tilby av tenester

  • 11. september 2006 opna landbruks- og matminister Terje Riis- Johansen Landbrukets Hus i Ølen. 
  • Tine, Vestskog, Tveit regnskap, Vindafjord Avløysarlag, Haugaland Landbruksrådgjeving og eit prosjektleiarkontor kunne då offisielt ta i bruk kontorfellesskapet i 2. etasje i Ølen Senter. 
  • Alle verksemdene som var med frå starten er framleis med 11 år etter, men nokre av dei har skifta namn. Blant andre Haugaland Landbruksrådgjeving som no heiter Rogaland Landbruksrådgjeving.
  • Første sak i serien: Gjev råd til bøndene på Haugalandet
  • Andre sak i serien; Med fagleg tyngde og godt humør
  • Tredje sak i serien: Det største TINE-kontoret finn du i Ølen

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips