8000 cruisegjester på lunsj i "fjorden"

Cruiseanløpa i Haugesund sender om lag 8000 turistar til  Åkrafjorden denne sesongen.  Nå skal fjorden marknadsførast for ein større internasjonal marknad, og nye rederi testar ut Åkrafjorden som destinasjon. 


 Menyen på Eljarvik er kortreist, og vertskapet er lokalt. - Dette er eksotisk for dei som kjem hit. "Smaken" av Åkrafjorden skil seg ut, seier Nina Kaltwasser (t.h) ved Eljarvik Gard. Foto: Espen Mills

 - «This is a taste of Norway I’ve never tasted before». Det er den typen tilbakemeldingar me får. Den lokale maten, lokalt vertskap og naturen her inne er eksotisk for cruiseturistane. 

Frå mai til september står Nina Kaltwasser ved Eljarvik gard klar med kortreist spekemat, laks, ost og «magic water» frå Langfoss til cruiseturistar frå heile verda. 

Når cruiseskipa legg til kai i Haugesund, riggar også Åkrafjorden seg for innrykk. Etter anløp i Haugesund, er fjorden blitt fast post på programmet for dei 48 cruiseskipa som kjem inn i år.  Det betyr nærare 8000 gjester til Åkrafjorden, frå blant anna England, Tyskland, Spania, Italia, Australia og USA.

Ved utgangen av september har 4000 cruiseturistar vore på lunsjbesøk på garden på Eljarvik. 

Næringshagebedrift

Ytterlegare 4000 har nytt besøket i fjorden med kortreiste måltid på Åkrafjordtunet, Rullestad kafè eller på Fugl Fønix som del av "pakken".

- Mange har allereie vore i Noreg i over ei veke når dei kjem hit, men likevel høyrer me ofte at besøket i fjorden har vore eit høgdepunkt, seier Kaltwasser. 

Ho er også sals- og marknadssjef i Åkrafjorden Oppleving, selskapet der fleire reiselivsaktørar i Etne kommune saman arbeider om Åkrafjorden som reiselivsdestinasjon året rundt.  

- Det har vore ei utruleg utvikling dei siste åra. Gjennom eiga satsing og destinasjonselskapet har me fått ei enorm marknadsføring. Presentasjonar og filmar frå Åkrafjorden blir distribuert til rederi i heile verda, og slik har me hamna på kartet internasjonalt, seier Kaltwasser.

- Alle rederia som legg til i Haugesund vel Åkrafjorden som ein av turane på Haugalandet når cruisa legg til kai i Haugesund, seier destinasjonssjef Vigleik Dueland. Dette året tar Haugesund i mot nærare 50 cruiseanløp, det gir også stor trafikk innover til fjorden. Foto: Espen Mills

- «Alle» vel Åkrafjorden 

Åkrafjorden Oppleving

Selskap beståande av fleire bedrifter som saman skal styrka Etne og Åkrafjorden som reiselivsdestinasjon:  

  • Åkrafjordtunet 
  • Skånevik Fjordhotell 
  • Skånevik Naturoppleving 
  • Fugl Fønix Hotel 
  • Eljarvik Gard/Langfoss 
  • Eikemo Traktorsafari 
  • Smiedal Gard 
  • Åkrafjorden Nature B&B 

Destinasjonsselskapet på Haugalandet tilbyr 25 ulike turar og opplevingar i regionen som del av «pakken» når cruisebåtane legg til kai i Haugesund. Og det er aldri nokon som vel bort Åkrafjorden, seier destinasjonssjef for Haugalandet, Vigleik Dueland: 

- Åkrafjorden er blitt eit viktig produkt for heile regionen. Det er eit fyrtårn me nyttar oss av i marknadsføring og som salsargument for rederi i heile verda når me sel inn Haugalandet som cruisedestinasjon. Åkrafjorden blir lagt merke til, det viser tydeleg att i tilbakemeldingane me får frå rederia, sier Dueland. 

For kvart av dei 48 cruiseanløpa i Haugesund reknar Åkrafjorden Oppleving å ta i mot mellom fire og åtte busslaster til fjorden. Der ventar kortreist lunsj, stans ved Langfoss og guida fjordsightseeing. 

Sel Åkrafjorden i USA og Kina 

Etter alt å døma kan turiststraumen auka på til neste år. Nye rederi testar ut fjorden som destinasjon. Samstundes blir også Åkrafjorden seld inn til ein endå meir omfattande internasjonal turistmarknad gjennom destinasjonsselskapet. 

- Nå satsar me også meir på turistar frå endå større vekstmarknadar som til dømes USA og Asia, då særleg Kina. Asia er ein av dei sterkast veksande marknadane for turisme til Noreg, og her kjem me til å synleggjera Åkrafjorden i innsalet av Haugalandet som destinasjon. På same tid vil me også løfta Åkrafjorden også som eit produkt for turisme til Stavanger-, Ryfylke- og Bergensregionen også, seier Dueland. 


Skal ikkje bli som Geirangerfjorden

- Me skulle gjerne sendt fleire inn til Åkrafjorden, men det har stått på kapasiteten til nå. Nå er det fleire ting på gang der inne, ny båt for fjordcruise og store utbyggingsplanar for Langfoss. Dette er satsingar som kjem til å ha mykje å sei for heile produktet Åkrafjorden, meiner Dueland. 

I løpet av neste år håpar Kaltwasser på at «nye» Langfoss er på plass, med større parkeringsplass, moderne fasilitetar og turistsenter ved E134, like under fossen. 

- Me ligg svært sentral til som turistmål, og ønskjer sjølvsagt å ta i mot fleire turistar, men me skal ikkje bli den typen plass der alle «pressar på». Me har sett korleis det tettar seg til med cruisetrafikken i Geirangerfjorden til dømes, slik må det ikkje bli her. Me skal ha armslag for dei som kjem hit. Med ny turistbåt til auka kapasitet for å selga fjordsightseeing, utbygging av Langfoss, fleire tilbod og aktivitetar til både nordmenn så vel som utanlandske turistar er me rusta til å ta i mot fleire. Nå har me også fått eit etterlengta overnattingstilbod, og har dermed «alt», meiner Kaltwasser. 

Tilbodet ho viser til er nyopna Åkrafjorden Nature B&B. Tidlgare Fjæra skule er bygd om til overnattingsstad og aktivitetssenter, og hatt nærast fullt hus sidan opninga i juni, seier Robert Melkeraaen som står bak satsinga saman med sambuar Laila Sørhus. 

- Det har vore få dagar etter opninga der me har hatt ledige rom. Grunnen til at me satsa her inne var lokasjonen; me er omringa av kultur- og naturbasert turisme. Berre i løpet av denne første sommaren har me fått bekrefta at me ligg midt i smørauga for dei som vil oppleva Åkrafjorden, Folgefonna, Trolltunga og Hardanger tett på oss, seier Melkeraaen. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips