Interiør-pop-up i Ølen 

Kl. 10.00  torsdag føremiddag opna dørene til ein ny pop-up butikk på Ølen senter. Dei neste to månadane skal Strømø Møbel & Interiør selja interiørvarer i eigen Ølen-filial. 


 - Ein vinn-vinn-sitausjon, meiner Jorunn Matre Stople og Ole Strømø. Frå og med torsdag 1. november og ut året, skal Ølen senter ha eigen interiørbutikk, med varer og produkt frå Princess og Møbelringen sin interiøravdeling  i Etne. 

Dei siste vekene har det vore hektisk bak tildekka butikkvindauge i lokala til tidlegare Helgas mat på Ølen senter. Torsdag føremiddag blei den nye butikken avdekka, og fram til nyttår vil senteret ha eigen interiørbutikk med varer og produkt frå Møbelringen og Princess i Etne. 

Pop-up-butikken er resultatet av eit samarbeid mellom Ole Strømø i Strømø Møbel & Interiør og sentereigar Ølen Eiendon, medan Medvind24 Næringshage har bidratt i å kopla dei to saman. 

Jorunn Matre Stople i Ølen Eigedom, seier dei har treft blink med samarbeidet. 

Butikklokala har fått eit solid ansiktsløft dei siste vekene. 

- Lokalet har stått ledig ei stund og me har vore på jakt etter leigetakarar som kunne trekkja endå litt fleire kundar til senteret. Me var inne på ideen om eit outlet-hjørne, og derifrå spann me vidare på tanken rundt midlertidige leigetakarar. Lokalet er jo eit perfekt utstillingsvindauge, og senteret har ikkje andre interiørforretningar i dag. Difor kunne det ikkje passa betre å få eit samarbeid med Strømø som har lang erfaring frå interiør- og møbelbransjen, seier Stople. 

Strømø seier det i grunnen ikkje var så mykje å lura på då spørsmålet kom. 

- Me har mange kundar frå Ølen og resten av Vindafjord i butikken vår i Etne allereie, og såg på dette som ein vinn-vinn-situasjon for både senteret i Ølen og oss. Ølen har allereie ein møbelforretning, og me ville ikkje trakka på nokon, difor har me hovudsakleg berre interiørartiklar og Princess-produkt i butikken her i Ølen, seier Strømø. 

Stople har trua på at butikken vil vera kjærkommen for senteret sine kundar, særleg nå i førjulstida. 

- Eg er overbevist om at dette er eit betydeleg løft for senteret. Lokalet skil seg ut, og nå som julehandelen snart startar trur eg dette vil lokka fleire, seier Stople.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips