Nå blir det pizza, kebab og komler på JoaKari 

Den tidlegare JoaKari-restauranten opnar dørene att, men denne gongen med nytt namn og nye kokkar; Ølen Pizzeria skal by på alt frå burger og pizza, til norsk husmanskost. 


Skiltet er på veg opp og laurdag 14. juli opnar Ako Jaf nye Ølen Pizzeria. 

Fire månadar etter JoaKari Mat Prat Bar stengde dørene, er restauranten i Ølen Sentrum klar for gjester att. Ako Jaf, som har drive La Mino gatekjøkken i Etne sidan 2012, står bak nye Ølen Pizzeria som opnar laurdag. 

- La Mino har alltid hatt mange kundar frå Vindafjord, spesielt frå Ølen, og det var difor naturleg å satsa her. Gatekjøkkenet i Etne går godt, og me tar med oss nokre av meny-favorittane derifrå til Ølen, i tillegg til mykje anna snadder, seier Jaf.

Ølen Pizzeria skal nemleg by på ein god del meir enn pizza og gatekjøkkenmat. Norsk husmannskost står også på menyen;  måndag til fredag blir det servert tradisjonell norsk mat, frå plukkfisk til komler. 

Ako Jaf som opphaveleg er frå Kurdistan har arbeidd i restaurantbransjen sidan 2000, og har mellom anna drive gatekjøkken i Haugesund, før han starta opp med La Mino i Etne. 

- Eg føretrekk å driva på mindre stader, som i Etne og i Ølen.  Me får ein litt annan kontakt med kundene her enn i byane, seier Jaf.

Då restauranten og utestaden i Ølen stengde dørene i mars, blei JoaKari-eigar Tom-Jøran Johnsen kontakta av fleire interessentar som ønska å starta opp med ny drift i lokala. 

- Me landa til slutt på Ako Jaf og hans konsept. Me kjenner han som ein flink mann som har drive godt i Etne i mange år. Han har gode planar for drifta, som me meiner er liv laga her i Ølen.  Nå håpar me at folk vil støtta opp om eit slikt godt, lokalt tilbod, seier Johnsen.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips