Den tøffaste lærlingen i landet? 

Det ligg ikkje for alle å hanskast med stutar nærare eitt tonn, eller navigera på centimeteren med lastebilar i tronge gardstun. For Sverre Åreskjold derimot, er det draumejobben. Som dyresjåfør-lærling i Nortura, er han den einaste av sitt slag i landet. 


Blant 5500 tilsette i Nortura-systemet, er det berre ein  lærling som dyresjåfør. For Sverre Åreskjold var jobben den perfekte kominasjon av det han ønska å jobba med: dyr og køyring. 

- Det er viktig å ha roen, smiler 20-åringen frå Ølensvåg, mens han trer på seg arbeidshanskane, og skrir til verket i fjøset på Skeie i Sandeid: 

Totalt 15 oksar skal om bord på slaktebilen. Dyra, på om lag 800 kilo, er noko stridige på vegen ut, og ein vil helst ikkje vera i mottakarenden av eit byks når oksane broltar seg ut på lasteplanet. 

- Ein skal ikkje vera redd dyra, samtidig som ein må ha respekt for dei. Og det går stort sett veldig fint. Men jobben passar nok ikkje for alle, innrømmer Sverre Åreskjold. 

Det var to ting som gjaldt då Åreskjold skulle staka ut yrkesvegen: køyring og dyr. Etter to år på transportlinja ved Sauda VGS, gjekk det strake vegen til Nortura i Sandeid og læreplass som dyrebilsjåfør. I dag er han den einaste dyresjåfør-lærlingen i heile Nortura-systemet, som tel 5500 tilsette i heile landet. 

Generasjonsskifte 

- Eg har vore avløysar i mange år og har alltid ønska å jobba med dyr. Same kor store dyr eg jobbar med, er det viktig å behalda roen, ha respekt for dei, men likevel vera førebudd. 

Sjølv om dette er ein noko uvanleg læreplass, var det likevel eit heilt innlysande val når han skulle ut i lære i vår. 

- Eg var innom tanken på å køyra mjølkebil eller kraftfôr også, men eg ville jobba med dyr, så dette var eit heilt naturleg val for meg. Sjølv om eg ikkje har vakse opp på gard, har eg «gått i vegen» for nabobonden sidan eg var liten, og vore avløysar i mange år, fortel Åreskjold. 

Han er framleis ein fersking i faget og har berre hatt eit knapt halvår bak Nortura-rattet. Likevel har han roen til liks med sjåfør-veteranane i Sandeid, og dei byrjar det å bli nokre av. 

- Her ein dag var det fem av sjåførane som var i vaskehallen samtidig. Dei rekna ut at det var 200 års ansiennitet i mellom dei, så ja – eg drar nok aldersgjennomsnittet noko ned, smiler Åreskjold. 

Det går lang tid mellom kvar gong det er ein lærling bak slaktebil-rattet hjå Nortura Sandeid, seier transportplanleggjar Per Landa. 

- Me står nå overfor eit generasjonsskifte blant sjåførane våre, og valde difor å ta inn ein lærling i år. Men lærlingane i denne jobben kan ikkje vera kven som helst. I ei slik stilling er me avhengige av folk med dei rette personlege eigenskapane. Det er ikkje berre ein sjåførjobb, ein må også ha godt lag med både dyr og folk, og kunna takla stress. Og ikkje minst må ein ha ei interesse for dyr. Det kan væra tøffe tak, og sjåførane må vera i stand til å handtera til dels farlege situasjonar. Ein vil helst ikkje mista kontrollen med 3-4 stutar på lasteplanet. Men Sverre viste seg fort å ha kontroll på alt dette, seier Landa. 

Dei fleste Nortura-slakteria nyttar seg av innleigde selskap som tar seg av inntransportering av dyr. I Sandeid derimot er fleire av dei tilsette. I dag er det totalt seks sjåførar fordelt på fem årsverk, i tillegg til innleigde for å ta unna toppane i haustsesongen. 

 - Det absolutt kjekkaste med jobben er alle bønder eg blir kjent med. Det har blitt ein god del av dei det siste halve året.

Ein vanleg dag på jobben

Når Åreskjold på tampen av torsdagen køyrer dei femten oksane til slakteriet, er det siste turen for dagen. Då har det gått i eitt sidan tidleg morgon: Det er «på ‘an» i seks-sju-tida. Denne dagen starta med ein tur til Vikebygd etter 180 småfe, så tilbake til Sandeid for å lessa av og vaska bilen. Deretter gjekk turen til Vats etter kyr og nokre slaktegris, og tilbake til Sandeid for å lessa av, og vaska bil. Så til Skeie etter storfe. Tilbake att for avlessing og vask. 

- Det blir ein del vasking, ja. Det var kanskje den delen av jobben eg ikkje hadde sett for meg det ville bli så mykje av, ler han.

Men om vaskinga ikkje er høgdepunktet på dagen, er resten av oppgåvene berre av det gode for 20-åringen. 

- Det aller kjekkaste er å treffa bønder rundt omkring. Eg har blitt kjend med utruleg mykje folk. Det er utan tvil ein av dei alle beste sidene med denne jobben. 

I løpet av veka går turane stort sett til lokale bønder i Vindafjord og Etne. Denne veka var det også nokre lengre oppdrag til Uskedalen, Valevåg og Forus. Då Medvind24 snakka med Sverre var han klar for helgejobbing, med køyring til Nesflaten og Hovden. Då skulle smalen heim. 

- Det er første gong eg hentar sau heim frå fjellet. Eg har enno ikkje vore med på heile årshjulet som sjåfør, så eg ser fram til å få med meg denne sesongen. 

Den siste pulja skal lessast av på slakteriet, før vekekvil. Deretter er det til fjells i helga etter sau. 

Ny bil på vegen vidare 

Med eit stort omland på køyreplanen, er det ikkje berre dyra som skal handterast med stødig hand. Smale vegar og tronge gardstun er ein del av kvardagen. Med ein stor lastebil kan det bli i overkant krunglete til tider. 

- På dei aller første turane køyrde eg med Geir Bjarne Sele. Når eg eg skulle køyra sjølv var det litt som dei første dagane etter ein har fått lappen; utruleg kjekt, men litt nervøst, og eg følte meg ikkje heilt utlært. Og i starten var det «biringt» å manøvrera seg fram somme plasser, ler Åreskjold. 

- Men ein blir kjend med bilen etter kvart, og med kamera bak og bønder som er flinke å dirigera går det helst veldig bra. 

Snart blir det ny og større lastebil på lærlingen, før fagprøve neste haust. 

 Og deretter? 

 - Eg har ikkje angra eitt sekund på denne jobben, og håpar sjølvsagt å få halda fram i Nortura etter læretida. Eg kjenner ikkje til nokon andre på min alder som har fått læreplass som dyresjåfør, og eg vil anbefala det på det varmaste. Men som sagt, det ligg nok ikkje for alle, seier Åreskjold, før han jagar av nærare 15 tonn broltne stutar på slakteriet. 

Snart blir det ny bil, og går det som Sverre håpar; vidare jobb bak Nortura-rattet.



Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips