Felles portal for lærlingar og lærebedrifter

På jakt etter læreplass på Haugalandet? Eller lærlingar til bedrifta di? Då er finnfag.no ein god plass å starta.


Lærlingportalen finnfag.no blei lansert like før jul, og allereie har 46 lærebedrifter frå fleire haugalandskommunar nytta sida for å marknadsføra sine læreplassar innan ei rekkje ulike programfag. 

Finnfag.no var opphaveleg tenkt for lærlingar og lærebedrifter i Vindafjord og Etne, men etter lanseringa har fleire andre kommunar tatt portalen i bruk. - For mange lærlingar er heile Haugalandet ein relevant marknad, så dette var ein kjempegod start for portalen, seier Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling.   

Like over nyttår var meir enn hundre læreplassar i ei rekkje ulike programfag registrerte på sida, opne for søknadar. 

- Målet med finnfag.no er å gjera rekruttering av lærlingar og søknad til læreplassar så enkel og oversikteleg som mogleg, seier Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling. 

Finnfag.no er portalen som skal gi ein god og enkel oversikt over læreplassane som er tilgjengelege i distriktet. Målgruppa er både elevar som er på jakt etter læreplass, bedrifter som vil rekruttera lærlingar og opplæringskontor som samarbeider med skular og bedrifter om inntak av lærlingar. 

- Me har tydelegvis møtt eit behov her. Finnfag.no var opphaveleg kun tenkt for målgruppa i Vindafjord og Etne. Men etter lanseringa balla det på seg, og bedrifter frå Tysvær, Haugesund og Karmøy heiv seg med. Portalen har fått ein pangstart og har allereie 113 læreplassar registrerte, seier Moe. 

Finnfag.no tilbyr bedrifter og opplæringskontor å registrera alle sine tilgjengelege læreplassar gratis. Lærlingar og elevar kan enkelt finna lærestadene som best passar dei, etter fag og lokasjon, og har også moglegheit til å senda inn søknad via eit enkelt skjema på sida. 

Læreplassar kan sorterast etter fag,  bedrift og lokasjon på finnfag.no Ved å klikka seg inn på ein læreplass kan  elevar senda inn søknad ved bruk av digitalt skjema på sida.  

- Dette er resultatet av eit breitt forankra samarbeid med vidaregåande skular, lokale bedrifter, NAV og opplæringskontor, då særskilt Bjørn Johannesen på Haugaland Opplæringskontor. Målsetjinga vår har vore å utvikla ein portal som vil gje ei oversikt over det totale læreplasstilbodet som finst i distriktet, samstundes som me ville gje både opplæringskontor og bedrifter – små som store – ein enkel måte å marknadsføra seg som lærebedrift og rekruttera lærlingar.  Sida har også forenkla prosessen for elevar på jakt etter læreplassar, fortel Moe. 

Portalen er utvikla av Filter Design & Kommunikasjon i samarbeid med Omega, og etter lanseringa like før jul, har responsen gått over all forventing. 

- Me har ikkje funne ei side som gir same oversikt og same moglegheiter på ein og same plass. Synleggjeringa av læreplassar og moglegheitene for søknad har kanskje vore noko fragmenterte tidlegare, med mange aktørar som nyttar ulike metodar for å rekruttera lærlingar. Somme bedrifter har eigne system, medan andre går gjennom opplæringskontor. Nokre opplæringskontor er forankra i eit spesifikt geografisk område medan er tilknytt særlege fag. På finnfag.no har me samla all denne informasjonen, og gjort det både brukarvennleg for alle partar, seier Moe.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips